Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
El Niño - Wikipedia

El Niño

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Plot av havoverflatetemperauranomali (konturar) i Stillehavet (ºC) under ein La Niña syklus i januar 2006.
Forstørr
Plot av havoverflatetemperauranomali (konturar) i Stillehavet (ºC) under ein La Niña syklus i januar 2006.

El Niño, eller meir korrekt El Niño – sørleg oscillasjon (ENSO) er eit global fenomen som oppstår i havet og atmosfæren. El Niño og La Niña er store temperatursvingingar i overflatevatnet i den tropiske delen av det austlege Stillehavet. Namna kjem frå dei spanske uttrykka for «den litle guten» (El Niño) og «den litle jenta» (La Niña). «Den litle guten» referer til Jesusbarnet, fordi fenomenet ofte startar rundt juletider utanfor vestkysten av Sør-Amerika. Effekten er stor på klimaet på den sørlege halvkula, og vart først skildra i 1923 av Sir Gilbert Thomas Walker, som har gjeve namn til Walkersirkulasjonen, ein viktig del av ENSO-fenomenet. Den atmosfæriske delen av fenomenet vert kalla den sørlege oscillasjonen (SO) og omhandlar månadlege eller sesongbasert svingingar i luftrykket mellom Tahiti og Darwin i Australia. I desember 2006 er El Niño aktiv og det er venta at den varer inn i 2007.

ENSO er ein kopla hav-atmosfære klimafluktuasjon som oppstår som følgje av havstraumar og atmosfærisk sirkulasjon. ENSO er den mest omfattande og kjende mellomårlege variasjonen i vêr og klima i verda, og oppstår med to til åtte års mellomrom. Ikkje alle område av verda vert påverka, men ENSO merkast i Stillehavet, Atlanterhavet og Det indiske havet

I Stillehavet strekk oppvarminga under ein El Niño seg over heile det tropiske Stillehavet, og det er ein klar samanheng med intensiteten i den sørlege oscillasjonen. Medan ENSO-hendingar oppstår omlag samtidig i Stillehavet og Det indiske havet, oppstår dei først 12 til 18 månader seinare i Atlanterhavet. Mange av landa som vert hardast råka av ENSO er utviklingslanda i Sør-Amerika og Afrika, der økonomien er avhengig av jordbruk og fiske som hovudkjelda til mattilgong, sysselsetjing og eksport til utlandet. Viss ein klarar å varsle ENSO-hendingar i dei tre hava, kan det få stor globale samfunnsøkonomisk innverknad. ENSO er ein global og naturleg del av klimaet på Jorda, og om intensiteten eller frekvensen av fenomenet vil endre seg som følgje av global oppvarming er eit svært viktig spørsmål. Ein har funne prov for at fenomenet varierar i løpet av ein mykje lengre tidskala og ein kan ha tiår med kraftigare ENSO-hendingar, og andre tider som er rolegare.

Innhaldsliste

[endre] El Niño og La Niña

Normalt straummønster i Stillehavet. Passatvinden pressar varmt vatn mot vest. Kald vatn strøymer opp frå djupet langs kysten av Sør-Amerika.
Forstørr
Normalt straummønster i Stillehavet. Passatvinden pressar varmt vatn mot vest. Kald vatn strøymer opp frå djupet langs kysten av Sør-Amerika.
El Niño forhold. Varmt vatn strøymer mot kysten av Sør-Amerika. Utan kaldt vatn frå djupet får ein auka oppvarming.
Forstørr
El Niño forhold. Varmt vatn strøymer mot kysten av Sør-Amerika. Utan kaldt vatn frå djupet får ein auka oppvarming.
La Niña forhold. Det varme vatnet er lenger vest enn vanleg.
Forstørr
La Niña forhold. Det varme vatnet er lenger vest enn vanleg.

El Niño og La Niña er offisielt definert som ein vedvarande anomali i havoverflatetemperaturen som er større enn 0,5°C langs dei sentrale og tropiske områda av Stillehavet. El Niño er kjenneteikna ved positive anomaliar, medan La Niña er kjenneteikna ved ein negativ anomali. Når ein har anomaliar som varer mindre enn fem månader vert tilstanden klassifisert som ein El Niño eller La Niña tilstand, og om anomalien varer meir enn fem månader vert det klassifisert som ein El Niño eller La Niña episode. Historisk sett går det to til sju år mellom kvar gong, og dei varer gjerne eit til to år om gongen.

Dei første teikna på ein El Niño er:

  1. Stigande lufttemperatur i Det indiske havet, Indonesia og Australia.
  2. Fall i lufttrykketTahiti og i resten av det sentrale og austlege Stillehavet.
  3. Passatvinden i det sørlege Stillehavet vert svekka eller skiftar retning og bles vestover.
  4. Varm luft stig nær Peru, og det byrjar å regne i ørkenane der.
  5. Varmt vatn strøymer frå det vestlege Stillehavet og Det indiske havet og austover i Stillehavet. Dette fører regnet med seg, og fører til regn i normalt tørre område og omfattande tørke i aust.

Dei varme og næringsfattige vatnet som El Niño fører med seg austover erstattar det kalde og næringsrike vatnet i Humboldstraumen på vestsida av Sør-Amerika, òg kalla Perustraumen. Dette kalde vatnet fører til gode fiskeforhold. I dei fleste tilfella vil det varme vatnet berre vare eit par veker eller ein månad før vêrmønsteret vender tilbake til det normale og fiske betrar seg igjen. Når El Niño varer fleire månader fører dette til ein meir omfattande straum av varmt vatn og kan få stor økonomisk innverknad både på det lokale fisket og den internasjonale fiskemarknaden.

ENSO indeks: Raud=El Niño, Blå=La Niña
Forstørr
ENSO indeks: Raud=El Niño, Blå=La Niña

Når ein ikkje har El Niño-forhold vil Walkersirkulasjonen i form av dei austlege passatvindane presse varmt vatn mot vest, som og varmar opp lufta over. Dette fører til ei oppvelling av kaldt og næringsrikt vatn utanfor kysten av Peru og Ecuador, som erstattar vatnet som strøymer mot vest. Vestsida av det ekvatoriale Stillehavet får varmt og vått vêr med lågtrykk som fører med seg mykje fukt i form av tyfonar og kraftige torevêr. Havet er omlag 60 cm høgare i det vestlege Stillehavet på grunn av denne vestlege havstraumen.

La Niña er karakterisert ved uvanleg kalde havoverflatetemperaturar aust i det ekvatoriale Stillehavet samanlikna med El Niño. Ein får som regel auka aktivitet av tropiske syklonar i Atlanterhavet under La Niña. La Niña tilstanden følgjer som regel etter ein El Niño, særleg visst sistnemnde har vore kraftig.

Verknad av El Niño.
Forstørr
Verknad av El Niño.
Verknad av La Niña.
Forstørr
Verknad av La Niña.

[endre] Konsekvens av El Niño

Det varme vatnet, og dermed den varme lufta, som El Niño fører med seg, fører til torevêr og auka nedbør i austlege delar av Stillehavet.

Ei bru i Peru som vart øydelagt av El Niño i 1998.
Forstørr
Ei bru i Peru som vart øydelagt av El Niño i 1998.

Effekten av El Niño er meir direkte og kraftigare i Sør-Amerika enn i Nord-Amerika. El Niño fører til varme og svært våte somrar (desember-februar) langs kysten av det nordlege Peru og Ecuador, noko som kan føre til store flaumar når ENSO er kraftig eller ekstrem. Effektane i månadene frå februar til april kan òg verte alvorlege. Sørlege område av Brasil og nordlege område av Argentina får òg våtare vêr enn vanleg, men hovudsakleg om våren og tidleg på sommaren. Sentrale område av Chile får ein mild vinter med mykje nedbør. Medan Altiplano i Peru og Bolivia av og til får uvanlege snøfall. Området rundt Amazonaselva, Colombia og Sentral-Amerika får tørrare og varmare vêr.

Direkte konsekvensar av El Niño fører til tørrare forhold i delar av Søraust-Asia og nord i Australia, noko som aukar skogbrannfaren og fører til meir tørrdis og dermed dårlegare luftkvalitet. Tørrare vêr enn vanleg er òg vanleg i resten av Australia frå juni til august.

Områda vest for Den antarktiske halvøya, Ross-, Bellingshausen- og Amundsenhavet får meir havis under El Niño. Bellingshausen-, Amundsen- og Weddellhavet vert i tillegg varmare og har høgare lufttrykk.

I Nord-Amerika vert vintrane vanlegvis varmare enn normalt i Midtvesten, i nordaustlege delar av USA og i Canada, medan søraustlege delar av USA og nordvestlege delar av Mexico er våtare enn vanleg. Nordvest-USA er derimot som regel tørrare enn vanleg. El Niño fører til færre orkanar i Atlanterhavet, særleg sør for 25ºN. Dette kjem hovudsakleg av auka vindskjer over tropane.

Aust-Afrika, inkludert Kenya, Tanzania og området rundt Den kvite nilen får våtare forhold enn normalt frå mars til mai, medan sørlege delar av det sentrale Afrika, hovudsakleg Zambia, Zimbabwe, Mosambikk og Botswana får tørrare vêr frå desember til februar.

[endre] Varmebassenget på vestlege halvkule

Studiar av klimadata har vist at i omlag halvparten av somrane etter ein El Niño er Varmebassenget på vestlege halvkule (Karibia og havområda rundt Sentral-Amerika) (WHWP) uvanleg varm. Dette påverkar vêret i dette området og kan mogelegens påverke den Nord-Atlantiske Oscillasjonen (NAO).

[endre] Atlanterhavet

Eit fenomen som liknar El Niño oppstår i Atlanterhavet der vatnet langs ekvator i Guineagolfen vert varmare og austlege delar av Brasil vert kjølegare og tørrare. Dette kan ha samanheng med ENSO-endringar i Sør-Amerika. Doble El Niño hendingar har tidlegare ført til alvorlege sultkatastrofar på grunn av lange periodar utan monsunregn

[endre] Andre konsekvensar

El Niño reduserar oppvellinga av kaldt og næringsrikt vatn utafor vestkysten av Sør-Amerika, som gjev liv til dei store fiskebestandane i dette området. Fiskane gjev næring til store mengder sjøfuglar og avføringa deira medverkar igjen til gjødselsindustrien.

Den lokale fiskeindustrien kan verte hardt råka under langvarige El Niño hendingar. Verdast største fiskeri braut saman på grunn av overfiske av fisken anchoveta under El Niño i 1972. Under 1982-83 episoden vart makrell og anchoveta kraftig redusert, medan kamskjelbestanden auka i det varmare vatnet. Lysing følgde det kalde vatnet sørover, i lag med reker og sardiner. Så noko forsvann, medan andre artar auka. Dette har likevel ført til mange utfordringar for fiskeindustrien i området.

Variasjonen i ENSO fører til at enkelte artar kan vekse seg store raskare enn vanleg langs kysten av Peru, sidan dei større rovdyra flyttar seg til andre område.

Det finns påstandar om at kraftige El Niño hendingar er årsaka til at sivilisasjonar som Moche og andre sivilisasjonar i Peru har forsvunne.

[endre] Årsak

Mekanismane som utløyser El Niño episodar vert framleis forska på, og det har vist seg vanskeleg å finne mønster som viser årsaka til hendingane eller som gjer det mogeleg å varsle dei.

Teoriar:

  • Jacob Bjerknes forslo i 1969 at eit særleg varmt punkt i det austlege Stillehavet kan svekke temperaturskilnaden mellom aust og vest, og dermed svekke Walkersirkulasjonen og passatvindane som følgjer. Dette fører til at det varme vatnet strøymer austover.
  • Wyrtki foreslo i 1975 at ein auke i passatvinden kan presse meir varmt vatn opp i vest, som så strøymer tilbake igjen når vinden vert svakare igjen. Det var derimot ingen slike oppbyggingar før 1982-83 hendinga.
  • Fleire mekanismar har vore føreslått der varme bygger seg opp i ekvatorområdet, og som så vert spreidd til høgare breidder under ein El Niño. Det kjøligare område må så varmast opp igjen i løpet av dei neste åra før ei ny hending kan oppstå.
  • Svinging i det vestlege Stillehavet. I det vestlege Stillehavet kan fleire vêrforhold føre til anomaliar i austavinden. Til dømes kan eit lågtrykk i nord og eit høgtrykk i sør føre til auka austleg vind mellom seg. Dette kan vere ein avgjerande faktor.
  • Det ekvatoriale Stillehavet kan av og til vere nær El Niño forhold på grunn av tilfeldige variasjonar. Vêrmønster utafor områder eller vulkansk aktivitet kan vere slike faktorar.
  • Madden-Julian oscillasjonen (MJO) er ei viktig kjelde til variasjonar som kan føre til ei rask utvikling mot El Niño forhold gjennom svingingar i vind og nedbør i låge nivå over dei vestlege og sentrale delane av det ekvatoriale Stillehavet. Kelvinbølgjer som forplantar seg austover i havet kan produsere MJO-aktivitet.
  • Adams, Mann og Ammann viste i 2003 ved å bruke statistisk analyse av paleoklimatiske data at vulkanutbrot i tropane kan utløyse treårige El Niño hendingar etter følgt av treårige La Niña hendingar.

[endre] Historikk

El Niño vart først nemnd som namn på fenomenet i 1892 då Kaptein Camilo Carrilo fortalte Geographical society congress i Lima at peruanske seglarar kalla den varme havstraumen i nord for «El Niño» fordi den kom rundt juletider. Men fenomenet var kjend før den tid på grunn av den biologiske bieffekten som følgde med.

Mot slutten av 1800-talet vart det auka interesse for å varsle endringar i klima (på grunn av matproduksjon) i India og Australia. Charles Todd oppdaga i 1893 at tørke oppstod på same tid i India og Australia, og i 1924 gav Gilbert Walker (som Walkersirkulasjonen er kalla opp etter) namn til uttrykket «Sørleg Oscillasjon». Gjennom det meste av 1900-talet vart El Niño sett på som eit lokalt fenomen, men etter hendinga i 1982-83 fekk fenomenet mykje større fokus i vitskaplege miljø.

[endre] År med El Niño-hendingar

Påviste EMSO forhold har ein hatt med to til åtte års mellomrom dei siste 300 åra, men dei fleste har vore svake.

Store El Niño hendingar har ein hatt i åra 1790-93, 1828, 1876-78, 1891, 1925-26, 1982-83 og 1997-98.

Dei siste El Niño hendingane har vore i 1986-1987, 1991-1992, 1993, 1994, 1997-1998, 2002-2003 og 2006-2007.

El Niño hendinga i 1997-1998 var spesielt kraftig og førte til at fenomenet vart kjend over heile verda, medan perioden frå 1990-1994 hadde ein uvanleg høg frekvens av El Niño hendingar (sjølv om dei var svake).

[endre] Bakgrunnsstoff

  • Collins, M., and The CMIP Modelling Groups, 2005: El Niño- or La Niña-like climate change? Clim. Dyn., 24, 89-104. 19
  • http://edition.cnn.com/2006/WEATHER/09/13/weather.nino.reut/index.html CNN: El Nino forms in Pacific Ocean
  • Davis, Mike (2001). Late Victorian Holocausts: El Niño Famines and the Making of the Third World. London: Verso, 271. ISBN 1859847390.
  • César N. Caviedes, 2001. El Niño in History : Storming Through the Ages (University Press of Florida)
  • Brian Fagan , 1999. Floods, Famines, and Emperors : El Niño and the Fate of Civilizations (Basic Books)
  • Michael H. Glantz, 2001. Currents of change, ISBN 052178672X
  • Mike Davis, Late Victorian Holocausts: El Niño Famines and the Making of the Third World (2001), ISBN 1859847390

[endre] Lenkjer ut

Wikimedia Commons har ei samling filer som gjeld: El Niño
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com