Måndag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Måndag er dagen i sjudagersveka som kjem etter sundag og før tysdag. Dagen er kalla opp etter månen og den norrøne guden Måne.
Måndag blir rekna som den første dagen i veka i størstedelen av Europa, Afrika og Asia. På kinesisk heiter han xingqi yi, dag ein. I nokre kulturar, som i jødedommen og islam, og i nokre land, mellom anna USA og Hellas, er han rekna som den andre dagen i veka. På arabisk, hebraisk, gresk og portugisisk heiter han den andre dagen.
Ettersom sundag er helgedag i mange land, er måndagen i alle høve starten på arbeidsveka, og me har difor fått uttrykket blåmåndag om ein dag då ein, bokstaveleg eller metaforisk, vakner opp og angrer over festinga ein har gjort.