Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Havrettstraktaten - Wikipedia

Havrettstraktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Havrettstraktaten (på engelsk: United Nations Convention on Law of the Sea(UNCLOS)) viser til fleire hendingar og ein traktat. Hendingane er tre havrettskonferansar I regi av SN som gav som resultat havrettstraktaen. Havrettstraktaten vart opna for signering I 1982 og var gyldig internasjonal rett I 1994 når 60 land hadde ratifisert avtalen. Havrettstraktaten har skapt universelle reglar for korleis konfliktar med omsyn til bruk av havet skal løysast, kven som har forvaltningsansvar for havområde og rettar til ressursar i internasjonalt farvatn.

Innhaldsliste

[endre] Historisk bakgrunn

Hugo Grotius, forfattaren av «Mare Liberum»
Forstørr
Hugo Grotius, forfattaren av «Mare Liberum»

Havrettstraktaten vart naudsynt fordi den gamle tesa om «Mare Liberum» ikkje fungerte I ei moderne verd. Ideen om Mare Liberum (altså eit fritt og ope hav) vart først formulert av den nederlandske tenkaren Hugo Grotius i ei bok med same namnet I 1609. Før denne tid var det uklårt kva rettar som gjaldt på det opne hav. Paven hadde tidlegare delt verda og hava mellom Spania og Portugal, og desse landa hevda denne eigarskapen. I takt med at handelsinteressene i særleg England og Nederland vaks fram vart det uråd for desse landa å akseptere spansk og portugisisk eigarskap til hava. Dette ville hindra England og Nederland å handle med Asia og Amerika utan lov frå Spania og Portugal. Som eit svar på denne trongen til frie handelsvegar oppstod då tanken om eit ope og fritt hav. Realiteten i denne tesa var at eit land hadde kontroll med kysten sin så langt ut som ein kanon kunne skyte, ca tre nautiske mil. Alt utanfor der var ope for alle.

I takt med den teknologiske utviklinga i det tjuande hundreåret vart den fridomen problematisk. Mange nasjonar ønska kontroll med havområda rundt kystane sine for å ha kontroll med mineralressursar, ureining og fiske. Dette prøvde Folkeforbundet å ta tak i. I 1930 vart det arrangert ein konferanse om temaet i Haag utan resultat. Eit av landa som underminerte ideen om opne og frie hav var USA. I 1945 erklærte Harry S. Truman einsidig at USA kontrollerte alle ressursar på sin kontinentalsokkel. Andre nasjonar følgde snart etter. Mellom 1946 og 1950 utvida Argentina, Chile, Peru og Ecuador sine suverene rettar til 200 nautiske mil for å få kontroll med dei rike fiskeområda i Humboldtstraumen. Andre land utvida terretorialfarvatnet til 12 nautiske mil. I 1967 var det berre 25 land som framleis berre hevda ein rett på tre nautiske mil. 66 land krevde 12 mil og åtte land hevda rett heilt ut til 200 mil.

[endre] Den første havrettskonferansen

Mellom 1949 og 1956 vart det i SN gjennom Folkerettskommisjonen utarbeid eit utkast til folkerett på havet. Dette arbeidet utgjorde grunnlaget for SNs første havrettskonferanse som fann stad i Genève i 1958. Konferansen vedtok følgjande fire konvensjonar, av desse har Noreg berre ratifiserte den første:

  • Konvensjon om sjøterritoriet og den tilstøtande sona. (Convention on the Territorial Sea and Contiguous Zone) [1], gyldig frå: 10. september 1964
  • Konvensjon om kontinentalsokkelen (Convention on the Continental Shelf) [2], gyldig frå: 10. Juni 1964
  • Konvensjon om det opne hav (Convention on the High Seas) [3], gyldig frå: 30. september 1962
  • Konvensjon om fiske og bevaring av de levende ressursene i det åpne hav. (Convention on Fishing and Conservation of Living Resources of the High Seas) [4], gyldig frå: 20. mars 1966

Den første havrettskonferansen vart rekna som ein suksess, sjølv om storleiken på territorialfarvatnet ikkje vart avgjort. Dette skapte konflikt mellom fjernfiskenasjonar og kystnasjonar.

[endre] Den andre havrettskonferansen

Den andre havrettskonferansen i 1960 førte ikkje til noko resultat på desse omstridde områda.

[endre] Den tredje havrettskonferansen

Soner innafor internasjonal havrett
Forstørr
Soner innafor internasjonal havrett

Utfordringane knytt til ulike krav frå kystnasjonar til terretorialfarvatn vart tatt opp I SN I 1967 by Arvid Pardo og i 1973 vart den tredje havrettskonferansen samla i New York for å skrive ain ny havrettstraktat. Konferansen vara til 1982 og meir enn 160 nasjonar deltok. Konferansen vart organisert under ein ande av konsensus for å hindre at forhandlingane skulle bli dominert av sterke grupper av nasjonar. Traktaten var ferdig i 1982 og var gyldig internasjonal rett eitt år etter at det sekstiande landet (Guyana) hadde ratifisert traktaten i 1993.

Havrettstraktaten innfører ei rad nye omgrep og reglar. Dei viktigaste nye tinga som kom inn i traktaten var: grenser for dei ulike havsonene, retten til navigasjon, statusen for arkipelagiske statar, eksklusive økonomiske soner, jurisdiksjon på kontinentalsokkelen, retten til mineralar og liknande på havbotn i internasjonalt farvatn, vern av marint miljø, forsking og konfliktløysing.

Traktaten avgrensar territorialfarvatnet til 12 nautiske mil. I terretorialfarvatnet har kyststaten full jurisdiksjon og kan gje kva lovar dei vil og utnytte ressursane som dei vil, men må tillate uskyldig gjennomfart. Uskyldig gjennomfart er det aller meste, men til dømes ubåtar kan ikkje segle under vatn og millitære farty kan ikkje true kyststaten eller øve med våpen. I strede og sund som blir nytta til internasjonal trafikk er retten til transitt enno klårare slått fast. Døme på slike strede er Bosporus og Hormuz. Utanfor territorialfarvatnet er det hove til å opprette ei «tilstøtande» sone på 12 nautiske mil. I denne sona kan kyststaten handheve reglar knytt til toll, immigrasjon og hygiene. I tillegg kan ein handheve regelbrot som er utført inne i territorialfarvatnet.

Den eksklusive økonomiske sona strekkjer seg 200 nautiske mil frå grunnlinja. Innafor denne sona har kyststaten eksklusiv rett til å utnytte økonomiske ressursar. Dette vil for dette meste vere fiske og petroleumsutvinning.

Traktaten definerer arkipelagiske statar. Dette er statar samansett av mange øyer. Desse kan inkludere ein større del av havområda rundt staten som ein del av territoriet.

I tillegg til reglar som definerer grenser til havs etablerer traktaten generelle pliker til å ta vare på det marine miljøet og fridomen til vitskapleg forsking. Traktaten opprettar og eit internasjonalt regime for å kontrollere utvinninga av mineraler frå havbotnen i internasjonalt farvatn.

Statar utan kystlinje får rett til adgang til hava utan å bli ilagt skatt frå transitt land. .

[endre] Kapittel 11 av traktaten

Kapittel 11 av traktaten etablerer eit regime for utvinning av mineralar på havbotn I internasjonalt farvatn. På syttitalet var det stor merksemd rundt potensialet for utvinning av edle og sjeldne metallar frå havbotn. Traktaten etablerer ”The International Seabed Authority” som har rett til å innvilge søknader om slik utvinning og til å kreve inn royalties av ei slik utvinning. USA har tatt sterk avstand frå denne delen av traktaten. USA meinte at denne delen av traktaten stod i motstrid til ein fri marknad og var redd for at royalties skulle gå til føremål som USA ikkje ønska å støtte, mellom anna PLO. Dette er hovudgunnen til at USA ikkje har ratifisert traktaten. Men USA har uttrykt støtte til dei andre delane av traktaten og etterlever desse.

[endre] Underskrifter og ratifikasjonar

Land som har ratifisert traktaten - (149) Albania, Algeri, Angola, Antigua og Barbuda, Argentina, Armenia, Australia, Austerrike, Bahamas, Bahrain, Bangladesh, Barbados, Belgia, Belize, Benin, Bolivia, Bosnia og Herzegovina, Botswana, Brasil, Brunei, Bulgaria, Burkina Faso, Burma, Canada, Cape Verde, Chile, Cookøyane, Costa Rica, Côte d'Ivoire, Cuba, Danmark, Djibouti, Dominica, Egypt, Ekvatorial-Guinea, Estland, Den europeiske unionen, Fiji, Finland, Frankrike, Gabon, Gambia, Georgia, Ghana, Grenada, Guatemala, Guinea, Guinea-Bissau, Guyana, Haiti, Hellas, Honduras, Island, India, Indonesia, Irak, Irland, Italia, Jamaica, Japan, Jordan, Kamerun, Kenya, Kina, Kiribati, Komorane, Den demokratiske republikken Kongo, Sør-Korea, Kroatia, Kuwait, Kypros, Laos, Latvia, Libanon, Litauen, Luxembourg, Makedonia, Madagaskar, Malaysia, Maldivane, Mali, Malta, Marshalløyane, Mauritania, Mauritius, Mexico, Mikronesia, Monaco, Mongolia, Mosambikk, Namibia, Nauru, Nepal, Nederland, New Zealand, Nicaragua, Nigeria, Noreg, Oman, Pakistan, Palau, Panama, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Filippinane, Polen, Portugal, Qatar, Romania, Russland, Saint Kitts and Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadinane, Samoa, São Tomé og Príncipe, Saudi Arabia, Senegal, Serbia og Montenegro, Seychellane, Sierra Leone, Singapore, Slovakia, Slovenia, Solomonøyane, Somalia, Sør-Afrika, Spania, Sri Lanka, Sudan, Surinam, Sverige, Tanzania, Tsjekkia, Togo, Tonga, Trinidad og Tobago, Tunisia, Tuvalu, Tyskland, Uganda, Ukraina, Storbritannia, Ungarn, Uruguay, Vanuatu, Vietnam, Jemen, Zambia, Zimbabwe.

Land som har signert, men ikkje ratifisert- (28) Afghanistan, Kviterussland, Butan, Burundi, Kambodsja, Den sentralafrikanske republikk, Tsjad, Colombia, Republikken Kongo, Dominikanske republikk, El Salvador, Etiopia, Iran, Nord-Korea, Lesotho, Liberia, Libya, Liechtenstein, Malawi, Marokko, Niger, Niue, Rwanda, Swaziland, Sveits, Thailand, dei Sameinte arabiske emirata, USA.

[endre] Eksterne lenkjer

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com