Mali
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Fransk: Un peuple, un but, une foi (eit folk, eit mål, ei tru) |
|||||
Offisielle språk | Fransk | ||||
Hovudstad | Bamako | ||||
Styresett |
Republikk Amadou Toumani Touré Ousmane Issoufi Maïga |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
1 240 000 km² (24.) 1,6 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
12 291 529 (67.) — 10/km² (174.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike 22. september 1960 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
13 532 mill. USD (127.) 1 084 USD (166.) |
||||
Valuta | CFA-franc | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Pour l'Afrique et pour toi, Mali | ||||
Nasjonaldag | 22. september | ||||
Internasjonal telefonkode | +223 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ml | ||||
Mali er ein stat i Vest-Afrika som har grenser til Algerie i nord, Niger i aust, Burkina Faso og Elfenbeinskysten i sør, Guinea i sørvest og Senegal og Mauritania i vest. Landet har inga kystline, men dekker i staden delar av Sahara i nord. Ein finn to store elvar, Niger og Senegal, og dei fleste innbyggjarane av landet i sør. Landet, som tidlegare var kalla Fransk Sudan, tok namnet sitt etter Maliriket.
[endre] Historie
Sudanrepublikken fekk saman med Senegal sjølvstende frå Frankrike den 22. september 1960, og gjekk saman i Maliføderasjonen. Senegal trekte seg ut etter berre nokre månader, og Sudanrepublikken skifta namn til Mali.
[endre] Geografi
Landet er stort sett flatt, med savanne rundt Nigerelva i sør og sanddekka sletter i nord. I nordaust ligg Air Massif og Djado Plateau. Størsteparten av landet ligg i Sahara, som kan gje landet ei støvete skodde i den tørre årstida og somme tider streng tørke.
Det finst mange naturressursar i Mali, og gull, uran, fosfat, kaolin, salt og kalkstein er dei mest utvunne.
[endre] Klima
Det meste av Mali har eit savanneklima, der den intertropiske konvergenssona fører til regntid i dei sørlege områda av landet. Dei nordlege områda ligg utafor nedslagsfeltet til nedbøren, og har eit meir ørkenprega landskap. Monsunen byrjar sakte å gjere seg gjeldande utpå våren i Sahelområdet, og gjev litt forfriskande regn i den elles trykkande varmen. Maksimumstemperaturen nærmar seg ofte 40ºC på denne tida. Dei nordlege områda er mindre fuktig, men varmen er minst like steikande.
Midt på sommaren har det intertropiske regnbeltet flytta seg nord til om lag 20ºN. I juli og august ved ei breiddegrad på om lag 13ºN, som er dei sørlege områda av Mali, er forholda meir tropiske med regn nesten kvar dag og litt lågare temperaturar. Bamako har ein årleg nedbørsnormal på 1120 mm. Beltet frå 13º til 20ºN er framleis steikande varmt, men har nok fukt til at ein kan få ettermiddagsbyger og torevêr. Ein god sommar kan det kome totalt 150 mm, medan det andre år kan kome så godt som ingenting. Dette skjedde både på 1970- og 1980-talet då Sahelområdet vart råka av fleire alvorlege tørkeepisodar.
Det meste av regnet i Sahel kjem frå aust i samband med byger og bygelinjer. Bygelinjene oppstår ofte når austvinden frå fjella i Tsjad blandar seg med den sørvestlege vinden sør for den intertropiske konvergenssona. Desse bygene fører med seg kraftig vind og kraftig regn, som ikkje varer særleg lenge, men som virkar oppfriskande og kjøler ned landskapet. Regntida endar raskt rundt Sahel, og desember og januar kan ha ganske så behagleg klima med varme dagar, kjølege netter og mykje sol. Om vinteren kan derimot ein nordaustleg vind, kalla harmattan, blese opp i 15 m/s (stiv kuling), og føre med seg ein god del støv som gjev dårleg sikt.
Vest-Afrika |
Benin | Burkina Faso | Elfenbeinskysten | Gambia |Ghana | Guinea | Guinea-Bissau | Liberia | |