Kenya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Harambee (swahili, Lat oss arbeide saman | |||||
Offisielle språk | Engelsk og swahili | ||||
Hovudstad | Nairobi | ||||
Styresett |
Republikk Mwai Kibaki |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
582 650 km² (46.) 2,3 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2002) - Tettleik |
33 829 590 (34.) 31 138 735 53,4/km² (142.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
12. desember 1963 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
34 847 millionar USD (87.) 1 062 USD (175.) |
||||
Valuta | kenyansk shilling (KES) | ||||
Tidssone | UTC +3 | ||||
Nasjonalsong | Ee Mungu Nguvu Yetu | ||||
Nasjonaldag | 12. desember | ||||
Internasjonal telefonkode | +254 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ke | ||||
Kenya er eit land på austkysten av Afrika. Kenya grensar mot Tanzania, Uganda, Sudan, Etiopia og Somalia.
[endre] Innbyggjarar
Etniske konflikter står for mange av Kenya sine problem. Tidleg på 1990-talet blei tusenvis drepne og fleire gjort heimlause av dette.
Dei største etniske gruppene i Kenya er kikuyu (22%), luhya (14%), luo (13%), kalenjin (12%), kamba (11%), kisii (6%) og meru (6%). Innbyggjarane høyrer til desse religiøse retningane: Ulike protestantiske 38%, romansk katolske 28%, islam 6%, tradisjonelle religionar 22%.
[endre] Klima
Det er vanskeleg å generalisere vêret i Kenya som har høgareliggande område i vest, steppelandskap i låglandet, fuktig kystområde, i tillegg til at dei vulkanske fjelltoppane Kirinyaga og Kilimanjaro dannar eigne klimasoner rundt seg. Å skildre Kenya klimatologisk kan òg vere vanskeleg fordi nedbørsmengdene varierar mykje frå år til år. Store delar av landet har to regntider som oppstår når den intertropiske konvergenssona går sørover (mars-mai) og nordover igjen (oktober-desember). Under ei El Niño-hending, kan den første regntida gje mykje mindre nedbør enn vanleg, medan den andre kan bli forsterka. Det motsette skjer ofte under ein La Niña.
Skråninga frå Victoriasjøen til Riftdalen har ofte svært mykje torevêr om ettermiddagen frå juni og ut august, og området rundt Kericho er eit av områda i verda som er mest utsett for hagl. Her kan det hagle så mykje som 100 dagar i året. Vanlegvis er derimot torebygene spreidd, og hagla ganske små.
Juli og august er som regel ein tørr periode i dei høgareliggande områda, inkludert Nairobi, og er typisk dekka av eit lågt skydekke, som sola av og til kan kikke gjennom. Kvar tredje eller fjerde dag kan det kome litt yr eller lett regn. Dette er òg den kjølegaste tida på året, med maksimumstemperaturar mellom 21 og 26 ºC, og over 1800 m går temperaturen lett under 10 ºC. Det er enno kaldare mot toppen av vulkanen Mount Kenya. Dei høgareliggande områda er litt varmare under regntida, og enno varmare i tørketida frå desember til mars. Heilt tørt treng det derimot ikkje å bli, og ei og anna regnbyge kan oppstå òg i denne perioden. Nairobi har ein normal årsnedbør på 959 mm.
I dei nordlege områda av Kenya, inkludert Turkanasjøen, er det mykje tørrare og varmare, og temperaturen held seg rundt 30-35 ºC året rundt. I april og mai kan ein derimot få kraftig regn som omgjer støvveiane til gjørme.
Kysten av Kenya er våtare enn dei høgareliggande områda innafor, men har òg meir sol. Mest regn kjem det i perioden april til tidleg i juli. Mombasa, som ligg her, har ein årleg nedbørsnormal på 1206 mm.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kenya si regjering
- World Factbook om Kenya
- Goldenberg scam
- Offentlege feriar
- Kenya Broadcasting Corporation
- Kenyanske aviser
- Menneskerettsovervaking i Kenya
Aust-Afrika |
Burundi | Djibouti | Eritrea | Etiopia | Kenya | |