Djibouti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonalt motto: --- | |||||
Offisielt språk | Arabisk og fransk | ||||
Hovudstad | Djibouti | ||||
President | Ismail Omar Guelleh | ||||
Statsminister | Dileita Mohamed Dileita | ||||
Areal - Total - herav vatn |
Areal 147 22,000 km² 0 % |
||||
Folketal - Total (2000) - Pr. km² |
Storleik 161 460 700 21/km² |
||||
Sjølvstende Dato |
Frå Frankrike 27. juni, 1977 |
||||
Valuta | Djiboutiske franc | ||||
Tidssone | UTC+3 | ||||
Nasjonalsong | Flaggsongen | ||||
Nasjonalt toppnivådomene | .DJ |
Djibouti (arabisk, جيبوتي, Ǧībūtī) er ein republikk på austkysten av Afrika, med grenser til Eritrea, Etiopia og Somalia. Djibouti har ei strategisk viktig plassering ved munninga av Raudehavet med Yemen 20 km ifrå på andre sida.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Fleire ulike stammar har halde til i området, men i dag er issaer og afarar dei viktigaste. Stammane har historisk handla mykje med arbarane og blei tidleg muslimar.
På 1800-talet gjorde Frankrike området til eit protektorat som dei kalla Fransk Somaliland. I 1967 blei namnet endra til Det franske territoriet til afarane og isaene, men i 1977 blei det sjølvstendig under namnet Djibouti.
Ein borgarkrig mellom styresmaktene og afarleiarar tidleg på 1990-talet blei avslutta med ein fredsavtale underskriven i 1994.
[endre] Folkesetnad
To tredjedelar av innbyggjarane i landet bur i hovudstaden, som òg heiter Djibouti. Resten er stort sett nomadar som lever av husdyrhald.
Dei to største folkegruppene er dei somalitalande issaene, rundt 60% av alle innbyggjarane, og afarane, på rundt 35%. Resten er europearar, for det meste franskmenn og italienarar, arabarar eller etioparar.
[endre] Næringsliv
Djibouti er ein frihandelssone, og økonomien er forankra i tenester som heng saman med dette. Landet er både transitthamn for regionen og eit internasjonalt skipssenter der skip blir lasta om og tankar drivstoff.
Elles har Djibouti lite industri og få naturressursar, bortsett frå den strategiske plasseringa og ei kystline på 80 mil. Det tørre klimaet hindrer storstilt matproduksjon, og mykje må kjøpast inn utanfrå. Landet har noko eksport av skinn og kaffi.
[endre] Klima
Det lågtliggande kystområde er svært varmt året rundt, men har lågare temperaturar når sola står lågare på himmelen. Mykje av dei indre områda strekk seg over 500-600 m, og temperaturen og fukta er litt lågare enn ved kysten. Dei årlege nedbørsmengdene er under 500 mm, og mange stader svært låg. Det regnet som kjem på kysten kjem vanlegvis i perioden november til mars, men i dei indre områda er det meir vanleg med regnbyger frå april til oktober.
Aust-Afrika |
Burundi | Djibouti | Eritrea | Etiopia | Kenya | |