Fotosyntese
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotosyntese er ein biokjemisk prosess der planter, alger og nokre bakteriar utnyttar energien i sollyset til å produsere glukose av vatn og karbondioksid. Fotosyntesen er den viktigaste kjemiske reaksjonen på kloten. Utan fotosyntesen kunne det ikkje ha vore liv på jorda slik vi kjenner det i dag.
Det er sollyset som er drivkrafta i fotosyntesen, som føregår i kloroplastane i dei grøne blada. I fotosyntesen blir energien i sollyset brukt til å gjere vatn og karbondioksid om til sukker og oksygen. Ordet fotosyntese tyder 'å setje saman ved hjelp av lys'.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |