Fenrisulven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fenrisulven (norrønt språk: Fenrisulfr eller Fenrir) er i norrøn mytologi ein stor ulv. Fenrisulven er son av Loke og Angerboda, og har to sysken; dødsgudinna Hel og Midgardsormen.
[endre] Livssoge
Fenrisulven såg fyrst ut som ein liten hundekvelp, og Odin tok han difor med til Åsgard, der æsene budde. Alle spådomar sa at han kom til å skapa ugreie for æsene. Då dei såg at han vaks og vart større og større ville dei difor binda han.
Fyrst prøvde dei med lekkja Løding, men denne heldt ikkje. Dinest prøvde dei med lekkja Drome, som var dobbelt så kraftig. Det gjekk like dårleg.
Då sendte Odin Skirne til nokre dvergar i Svartalvheimen for å få dei til å laga ei lekkje som var sterk nok. Lekkja Gleipne vart laga av seks ting som ingen lenger kan finna: fisken sin pust, kvinneskjegg, fuglane sitt sputt, fjella sine røter, lyden av katteføter og bjørnane sine sener. Difor finst ikkje desse tinga den dag i dag. Gleipne var tynn og mjuk som eit silkesnøre, men sterkare enn alle andre lekkjer.
Nok ei gong måtte æsene lura Fenris. Dei lokka ulven med seg ut på den litle øya Lyngve i sjøen Åmsvartne. Dei sa at om han ikkje greidde å øydeleggja denne lekkja, var han så svak at æsene ikkje hadde grunn til å frykta han. Soleis ville dei i så fall sleppa han fri. Fenris hadde mistanke om at dei prøvde å lura han, og kravde at nokon heldt handa si i kjeften hans. Berre Ty torde dette. Han la høgre hand i kjeften til Fenris. Fenris prøvde å rista seg laus, men lekkja vart berre stramare, og rivna ikkje. Slik mista Ty armen sin.
Fenris glefsa etter dei, men dei stakk eit sverd inn i kjeften på han. Spissen var opp slik at han ikkje kunne bita. Siklet hans vart til elva Vån. Det blei sagt at når Fensisulven kom seg laust, ville Ragnarok ta til.
[endre] Sjå òg
- Fenriskjeften – ei fjellrekkje i Dronning Mauds land i Antarktis. Den høgaste toppen heiter Ulvetanna (2931 moh.).