Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Loke - Wikipedia

Loke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Loke i eit islandsk manuskript frå 1700-talet.
Forstørr
Loke i eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

Loke er ein fleirsidig figur frå norrøn gudetru. Han var av jotunætt, men òg fosterbroren til Odin. Han gjorde fleire vonde peik mot æsene, men var òg med på fleire morosame eventyr med dei. Loke kan ta dyreform og skifta kjønn, og gjer dette ofte i dei mange historiane han er med i.

Innhaldsliste

[endre] Familie

Loke er son av Farbauti og Laufey (Nál), og har to søsken; Byleist og Helblinde. Han er gift med Sigyn, som han fekk to søner med, Narve og Vale. Med gygra Angerboda fekk han dei fæle monstra Fenrisulven, Midgardsormen og Hel. Loke var òg mor til Sleipner, hesten til Odin.

[endre] Peik

Som ås hjelpte Loke ofte dei andre gudane til å kjempa mot jotnane, medan han som jotun likte å narra og skada æsene. Han klippa håret av Siv, men skaffa henne i ettertid gullhår. fekk òg den arge og hevngjerrige Skade til å le ved å binda ei geit fast til testiklane sine.

Han hjelpte mellom anna til då æsene skulle ha gjerde rundt Åsgard, og ein jotun byggde han for dei. Jotnen føreslo eit veddemål, som æsene gjekk med på, oppmuntra av Loke: Dersom jotnen kunne fullføra muren på ein vinter, skulle han få Frøya og sola som løn. Dersom han gjekk over tidsfristen, skulle arbeidet vera gratis. Då det såg ut som om jotnen skulle klara det, skapte Loke seg om til ei merr og lokka vekk hesten hans, Svadilfare. Slik blei Loke mor til Sleipner.

[endre] Tjuven

Guden får stadig i oppdrag å stela ting for andre, og han er svært flink til det. Mellom anna stal han gullsmykket til Frøya, Brisingamen, medan ho sov.

[endre] Mordaren

Loke får Hod til å skyta på Balder.
Forstørr
Loke får Hod til å skyta på Balder.

Det verste peiket hans var drapet av Balder. Loke gav den blinde guden Hod ein boge og ei pil av misteltein, Loke visste at mistelteinen var den einaste planten som kunne skada Balder. Deretter hjelpte han Hod å sikta på den usårlege guden. Balder døydde av skotet, og blei send til Helheim.

Æsene sørga stort over dette, og bad Hel om å få han tilbake. Ho gjekk med på det, men berre dersom alle skapningar i verda ville gråta for han. Det gjorde dei alle, bortsett frå ein: Loke, i skapnaden av ei jotunkvinne.

[endre] Den skarpe tunga

Loke er ofte éin som seier det som ikkje skal seiast, han erter folk og røper løynder. Han er òg glad i veddemål, både på eigne og andre sine vegne. Mellom anna vedder han hovudet sitt mot smedekunsten til dvergen Sindre. På dette viset vinn han grisen Gyllenbuste, gullringen Draupne og hammaren Mjølner for æsene, men tapar hovudet. Loke peiker då på at han berre har lova bort hovudet sitt - halsen hans kan ikkje skadast. Dvergen tek då fram nål og tråd og syr att munnen til Loke.

I eddadiktet Lokasenna kjem Loke ubedd til Ægir sitt gjestebod og egler på seg alle gudane, stort sett ved å fornærma manndommen til æsene og kyskheita til åsynjene.

[endre] Straff

Då æsene til slutt blei leie av lureriet til Loke, fanga dei han og bandt han fast med tarmane til sonen Narve. Dei stakk ut auga hans og hang ein orm opp over han, som stadig drypp eiter nedi augehola. Kona Sigyn held ein bolle over han slik at gifta ikkje skal plaga han så mykje, men når ho tømer bollen drypp gifta ned i såra, Loke skrik, og jorda bivrar.

Under Ragnarok skal Loke bli fri igjen og kjempa mot æsene, men han skal òg sjølv døy i slaget.

[endre] Den gode guden

I ulike historiar går Loke frå å vera ein morosam luregud til ein skikkeleg vondskapsfull skapning. Kanskje er han blitt vondare med tida, slik mange gudar endrer karakter med tida. Mellom anna er han ikkje skuld i Balders død i tidlegare forteljingar. For dei nykristna menneska i Norden kan Loke ha blitt ein slags djevlefigur som då sjølvsagt fekk meir vondt i seg enn han tidlegare hadde hatt.

Loke blei nemlig òg sett på som ein vernande gud. I ein færøysk ballade frå 1700-talet, Loka Thaattur, er Loke den som klarer å verna ein bondeson der Odin og Hønir ikkje kan. Odin bruker ein kveiteåker som gøymestad, men trollet som er ute etter guten finn han. Hønir gøymer han i nakkefjøra på ei svane, men trollet finn han der òg. Berre Loke klarer å lura trollet, ved å gøyma guten blant egga til ei flyndre. Trollet finn flyndra, men Loke har fortalt guten at han må springa inn i naustet like ved. Han så gjer, trollet set seg fast i eit kikkehol (eller noko liknande), og Loke kappar av han foten og set ein stokk og ein stein inn i det som er igjen. Slik drep han trollet og redder guten.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com