Bøk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøk |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Bøkeskog |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Artar | ||||||||||||||
Fagus crenata |
Bøk (au skrive bok) er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Det finst ti artar i slekta, og av desse veks vanleg bøk (Fagus sylvatica) naturleg nokre få stader i Sør-Noreg. Elles vert fleire formar av bøk brukt i parkar.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Blada er læraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.
Bøk kan danna vidstrakte skogar med tre på opptil 40 meter. Vanleg bøk kan bli 2–400 år gammal.
[endre] Bruk
Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne synk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.
Namnet på treslaget er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.
[endre] Bøk i Noreg
Bøk er det treslaget som innvandra sist til Norge, for omlag 2 000 år sidan. Bøk er svært skuggetålande, og vil i delar av Vestfold, Telemark og Agder danna klimakssamfunn om skogen får skjøtta seg sjølv. Sjølv om det er i desse områda ein finn dei viktigaste bøkebestandane i Noreg, veks verdas nordlegaste bøkeskog i Lindås i Nordhordland.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- no:bøk
- en:beech
- Etymologi
- Oxford English Dictionary
- Alf Torp og Hjalmar Falk: Etymologisk ordbok ovr det norske og det danske sprog (1903–1906, faksimileutgåve 1991 Bokklubben Kunnskap og Kultur)