Den kalde krigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den kalde krigen er namnet på den konstante motsetninga, rustingskappløpet og politiske spenninga mellom dei to supermaktene USA og Sovjetunionen frå ca 1947 til slutten av 1980-åra, da Mikhail Gorbatsjov som sovjetisk leiar sørgde for å avblåse "krigen". I periodar av såkalla "avspenning" før den tid, heldt opprustinga i røynda fram, på begge sider.
Uttrykket "kald krig" går på at motsetninga til tider var sterk som i ein krig, men "kald" på den måten at det faktisk ikkje blei storkrig, mellom anna truleg fordi dei to partane sine atomvåpenarsenal heldt kvarandre i sjakk (terrorbalansen). Den kalde krigen ramma likevel mange, både ved innskrenking av politisk fridom, reiserestriksjonar og stadig angst for utsletting gjennom atomkrig.
I motsetning til i Europa, blei den kalde krigen "varm" i andre delar av verda. I denne samanhengen kan nemnast som døme krigane i Korea, Algerie og Vietnam, som blei tolka inn i ein kald-krigs-ramme, sjølv om dei hadde andre årsaker. Iallfall i Algerie og Vietnam dreia det seg eigentleg om nasjonal frigjering frå kolonialisme og imperialisme.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |