Verdas skriftsystem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette er eit oversyn over verdas skriftsystem, klassifisert etter ein del karakteristiske trekk.
Sjå skriftsystem for meir informasjon om ulike typar av skriftsystem. Sjå også grafem og glyff for to ulike innfallsvinklar til basiskonstituentane i skriftsystema.
Det vanlege namnet til skriftsystemet er ført opp først (i feite typar), namnet på språket som bruker skriftsystemet er lagt til i parentes i dei tilfella der namnet på språket skil seg frå namnet på skriftsystemet. Anna informasjon kan også vere lagt til.
Innhaldsliste |
[endre] Logografiske skriftsystem
Logografiske skriftsystem er skriftsystem der settet av grafem har mange logogram. Desse logogramma representerer ord eller røtter og ikkje fonologiske komponentar.
Merk at logografiske skriftsystem ikkje berre har logogram, men også inneheld ein del grafems som representerer lydbaserte element. Desse elementa kan vere uavhengig av logogramma (representere eigne stavingar, slik at t.d. stammen er representert med eit logogram men grammatiske suffiks med symbol som representerer lyd), eller dei kan vere eit tillegg til logogrammet. Mange logografiske system er dermed vanskeleg å klassifisere.
Reint ideografiske skriftsystem, der kvart symbol er eit ideogram som representerer heile konsept er sannsynlegvis ikkje mogleg, i alle fall viss skriftsystemet er meint å uttrykkje alt som kan bli sagt på eit språk.
Merk at i daglegtale er det ein tendens til å kalle alle skriftsystem, uavhengig av type, for alfabet. Denne praksisen blir til dels spegla i lista nedanfor, der skriftsystem som ikkje er alfabet i den tydinga vi gjer ordet her, likevel blir referert til med det tradisjonelle namnet sitt - alfabet.
- Hieroglyfiske, Hieratiske og Demotiske: — skriftsystem i Det gamle Egypt;
- Kuneiformskrift: — (sumerisk, akkadisk, elamittisk, hetittisk, og luvisk språk);
- Hanzi: — (kinesisk);
- Kanji: — (japansk);
- Hanja: — (koreansk);
- Chu nom: — (vietnamesisk), dette ekriftsystemet er no ikkje lenger i bruk;
- Dongba: — (naxi);
- Jurchen:
- Khitansk:
- Maya: — (klassisk mayaspråk);
- Mi'kmaq:
- Tangut:
- Klassisk Yi:
[endre] Stavingsbaserte skriftsystem
I eit stavingsbasert skriftsystem representerer (mange av) symbola ei staving.
- Japansk braille:
- Keltiberisk:
- Cherokee:
- Kypriotisk:
- Hiragana: — (japansk)
- Iberisk:
- Katakana: — (japansk)
- Kpelle:
- Lineær B:
- Ndjuká (eller afaka):
- Nü Shu: — (yao);
- Vai:
- Moderne yi:
[endre] Segmentale skriftsystem
Ei segmental skrift har grafem som i ideelle tilfelle represnterer fonema i språket det gjeld. I praksis er det ofte manglande samsvar mellom grafem og fonem, ved at same fonem kan blir representert med kombinasjonen av fleire grafem, eller ved at same fonem blir representert ved ulike grafem i ulike samanhengar. Grunnen til dette er som regel at språket har endra seg, mens måten å skrive det på har halde seg. T.d. inneheld det norske ordet ski to fonem (/ʃ/ og /i:/), men skrivemåten med tre grafem speglar uttalen på eit tidlegare språktrinn. Grunnen til variasjon kan også vere ein for dårleg lingvistisk analyse, som når engelsk /k/ blir skrive som <c> foran bakre og <k> foran fremre vokalar, sjølv om det er berre eitt fonem.
Segmentale skriftsystem kan bli delt inn i grupper etter om dei representerer alle fonema, eller berre nokre av dei, og etter på kva slags måte dei representerer fonema.
[endre] Eigentlege alfabet
Eit alfabet i trong meining inneheld separate symbol for konsonantar og vokalar.
- Armensk:
- Avestisk:
- Bassa:
- Beitha Kukju: — (albansk);
- Bopomofo:
- Braille: — (punktskrift);
- Elbasisk: — (albansk);
- Fraser:
- Gammalungarsk:
- Gammalitaliske alfabet — (etruskisk, oskisk, umbrisk);
- Gammalpermisk, (eller Abur): — (Komi);
- Gammalpersisk kuneiform:
- Georgisk:
- Mkhedruli:
- Khutsuri:
- Asomtavruli:
- Nuskhuri:
- Glagolitisk: — (gammal kyrkjeslavisk);
- Gotisk:
- Gresk:
- koptisk:
- Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA):
- Kharosthi, eller Gandhari:
- Kyrillisk: — dannar basis for (kviterussisk, bulgarsk, makedonsk, russisk, serbisk, ukrainsk, og for språka til nesten alle dei språklege minoritetane i Russland.;
- Latinsk: — basis for skriftsystem for mange europeiske språk;
- Manchu:
- Mandisk:
- Mongolsk:
- N'Ko: — (malinke, bambara, dyula);
- Ogham: — (keltiske språk, piktisk);
- Orkhon: — (Tyrkiske runer);
- Osmanya: — (Somali-alfabet);
- Runealfabetet: — (Germanske språk);
- Santali, eller Ol' Cemet:
- Tai Lue: — (Lue);
[endre] Abjadar
Ein abjad er ein segmental skrift som inneheld symbol berre for konsonantar.
- Arameisk:
- Arabisk: — (arabisk, dari, kasjmiri, kurdisk, pasjto, persisk, panjabi, urdu, uyghur);
- Dhives akuru: — (dhivehi);
- Hebraisk: — (arameisk, hebraisk, jiddisch, jødearabisk, jødespansk) ;
- Nabataean alfabet:
- Pahlavi: — (mellompersisk);
- Partisk:
- Salmane:
- Fønikisk:
- Saba-alfabetet:
- Sørarabisk: — (sabaisk, qatabanisk, himyarittisk og hadhramautisk);
- Samaritansk (gammalhebraisk):
- Syriakisk:
- Tifinagh: — (tamasheq);
- Ugarittisk:
[endre] Abugidaar
Ein abugida er ein segmental skrift der vokalar er representert av diakritiske teikn eller andre systematiske modifikasjonar av konsonantane.
- Ahom:
- Balinesisk:
- Batak:
- Baybayin: — (tagalog)
- Bengali:
- Brahmi:
- Burmesisk: — (burmesisk, karenspråk, mon)
- Det kanadiske stavingsalfabetet:
- Carrier: — (Dakelh)
- Cree:
- Inuktitut:
- Ojibwe:
- Cham:
- Dehong: — (dehong dai)
- Devanāgarī: — (hindi, sanskrit, marathi, nepali)
- Ge'ez eller Fidel: — fleire språk i Etiopia
- Gujarāti: — (Gujarāti, kachchi)
- Gurmukhi: — (panjabi)
- Hanuno'o:
- Javanesisk:
- Kaganga: — (rejang)
- Kannada: — (kannada, tulu)
- Kharosthi: — (gandhari, sanskrit)
- Khmer:
- Lao:
- Lepcha:
- Limbu:
- Lontara og Makasar-alfabet: — Bugis eller bugisnesisk, makasar, og mandar
- Malayalam:
- Modi: — (marathi)
- Oriya:
- Pahawh Hmong: — (Hmong)
- Phags-pa: — (mongolsk
- Pollard: — (miao)
- Ranjana: — (newari)
- Singalesisk:
- Sorang Sompeng:
- Sourashtra:
- Soyombo:
- Syloti Nagri:
- Tagbanwa:
- Tai Dam:
- Tamil:
- Telugu:
- Thaana: — (dhivehi);
- Thai:
- Tibetansk:
- Tokarisk:
- Varang Kshiti:
[endre] Trekkbaserte skriftsystem
- Hangul: — (koreansk);
[endre] Udechiffrerte skriftsystem
Desse skriftsystema har enno ikkje blitt dechiffrert, og i nokre av tilfella kan det hende at dei ikkje er skriftsystem.
- Indusskrift:
- Lineær A:
- Meroitisk skrift: — ein abugida
- Gammaleuropeisk skrift: — (vinča)
- Phaistosdiskosen:
- Proto-elamittisk:
- Rongorongo:
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kategori:Skriftsystem
- Omniglot.com - vegvisart til skriftsystem]