Burmesisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burmesisk (ဗမသ [bama sa]) |
|
---|---|
Tala i: | Myanmar, Thailand, Bangladesh, Malaysia, USA, Storbritannia, Laos og Singapore |
Område: | Søraustasia |
Burmesisktalande i alt: | 22 million |
Rangering: | 42 |
Klassifisering: | sinotibetanske språk tibetoburmesiske språk |
Offisiell status | |
Skriftsystem: | Burmesisk |
Offisielt språk i: | Myanmar |
Normert av: | - |
Språkkodar | |
ISO 639-1: my | ISO 639-2: bur (B) / mya (T) |
ISO 639-3: {{{iso3}}} | SIL: BMS |
Burmesisk (ဗမာစာ, eller bama sa) er det offisielle språket i Myanmar (tidlegare Burma). Sjølv om regjeringa kallar språket mayanmar, blir det av andre framleis referert til som burmesisk. Burmesisk er eit medlem av den tibeto-burmesiske språkfamiliem, som er ei undergrein av den sino-tibetanske språkfamilien. Burmesisk blir snakka av 22 millionar som førstespråk, og som andrespråk av språklege minoriteter i Myanmar, til dømes av kinesarar, indarar, og karen, mon og shan-folk. Burmesisk blir skrive med det bumresiske skriftspråket, som er avleidd av mon-skrifta, som på si side byggjer på pali-skrifta. Burmesisk er eit tonespråk, med fire tonar.
Innhaldsliste |
[endre] Dialektar, sosiolektar og register
I tillegg til dialektskilnader, er det i burmesisk også eit skilje mellom formell og uformell burmesisk. Skiljet er ikkje så mykje eit klasseskilje som eit skilje mellom ulike talesituasjonar, der det blir brukt ulike språkvariantar i litterære samanhengar og offentleg på den eine sida, og i private på den andre.
[endre] Skriftsystem
Sjå hovudartikkelen burmesisk skrift
Det burmesiske skriftsystemet er avleidd frå mon-skrifta, som var dominerande i nedre Burma. Karakteristika ved burmesisk skrift er mellom anna:
- Skriftsystemet er eit stavingsbasert alfabet, ein abugida. Umodifiserte konsonantsymbol har a som inherent vokal, slik at k + e-modifikator gjev [ke], men k utan modifikator gjev [ka].
- Den runda forma til bokstavane kjem av at dei tidlegaste tekstane vart skrive på palmeblad.
- Burmesisk er eit tonespråk, og tone er markert med diakritika.
[endre] Grammatikk
[endre] Fonologi
[endre] Konsonantar
Konsonantane i Burmesisk er:
Bilabial | Dental | Alveolar | Postalveolar og palatal |
Velar og labiovelar |
Glottal | Arkefonem | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosivar og Affrikatar | pʰ p b | tʰ t t | tʃʰ tʃ dʒ | kʰ k g | ʔ | ||
Nasalar | m̥ m | n̥ n | ɲ̥ ɲ | ŋ̊ ŋ | N | ||
Frikativar | θ (ð) | sʰ s z | ʃ | h | |||
Approksimantar | (r) | j | (ʍ) w | ||||
Laterale approksimantar | l̥ l |
Approksimantane /r/ og /ʍ/ er sjeldne, det same er [ð] bortsett frå som stemt allofon av /θ/.
Arkefonemet /N/ er realisert som nasalisering av føregåande vokal eller som nasal homorganisk med neste konsonant, slik at /mòuNdáiN/ "storm" er uttala [mõ̀ũndã́ĩ].
[endre] Vokalar
Vokalane i burmesisk er:
Monoftongar | Diftongar | ||
---|---|---|---|
i | u | ei | ou |
e | o | ai | au |
ə | |||
ɛ | ɔ | ||
a |
Monofongane /e/, /o/, og /ɔ/ førekjem berre i opne stavingar (dvs. stavingar utan stavingscoda); diftongane /ei/, /ou/, /ai/, og /au/ førekjem berre i lukka stavingar (stavingar som har stavingscoda).
[endre] Tonar
Burmesisk er eit tonespråk, dvs. at det er ein meiningsberande kontrast mellom ordformer på bakgrunn av grunntonevariasjonen til vokalen. Det er fire kontrastive tonar i Burmese. I denne tabellen er tonane vist på vokalen /a/ dei fonetiske skildringane er frå Wheatley (1987).
Tonenamn | Symbol (vist på a) |
Skildring |
---|---|---|
Låg | à | Normal fonasjon, medium varigheit, låg intensitet, låg (ofte litt stifande) frekvens |
Høg | á | No og då luftfylt, relativelt lang, høg intensitet, høg tone (grunnfrekvens); ofte med eit fall før ein pause |
Creaky | a̰ | Tense eller creaky fonasjon (ofte med (glottal stop), medium varigheit, høg intensitet, høg (ofte litt fallande) tonehøgd |
Checked | aʔ | final glottal stop, kort durasjon, høg tone i tydeleg tale, kan variere i kontekst |
Dei følgjande orda representerer minimale par etter tone:
- Low /kʰà/ 'riste'
- High /kʰá/ 'vere bitter'
- Creaky /kʰa̰/ 'avgift'
- Checked /kʰaʔ/ 'dra vekk frå'
I stavingar som sluttar på /N/ er berre tre tonar mogleg. "Checked" tone er ikkje mogleg i slike stavingar:
- Low /kʰàN/ 'gå gjennom'
- High /kʰáN/ 'tørke'
- Creaky /kʰa̰N/ 'peike ut'
[endre] Stavingsstruktur
Stavingsstrukturen i burmesisk er C(G)V((V)C), dvs. at onset består av ein konsonant, eventuelt ein glidelyd, og atrimet inneheld ein monoftong, ein monoftong med konsonant, eller ein diftong med konsonant. Dei einaste konsonantane som kan stå i codaen er /ʔ/ og /N/. Jf. desse døma:
- CV /mè/ 'jente'
- CVC /mɛʔ/ 'crave (onsetjing!)'
- CGV /mjè/ 'jord'
- CGVC /mjɛʔ/ 'auge'
- CVVC /màuN/ (helsingsord for unge menn)
- CGVVC /mjáuN/ 'grøft'
Ei staving med schwaa (/ə/) som vokal har visse fonotaktiske restriksjonar:
- Det må vere ei open staving (ingen codakonsonant)
- Ho kan ikkje vere toneberande
- Ho har berre ein enkel (C) onset (ingen glidelyd etter konsonanten)
- Det kan ikkje vere den siste stavinga i ordet
Nokre ord som inneheld stavingar med /ə/:
- /kʰə.louʔ/ 'knott, knapp'
- /pə.lwè/ 'fløyte'
- /θə.jɔ̀/ 'å erte'
- /kə.lɛʔ/ 'be wanton (omsetjing!)'
- /tʰə.mə.jè/ 'ris-vatn'
[endre] Morfologi
[endre] Adjektiv
Adjektiv kjem før substantiv i nominalfrasen. Superlativ blir uttrykt med prefikset a + adjektiv + suffikset zonh.
[endre] Verb
[endre] Substantiv
Substantiv blir ikkje delt inn i genusklasser, og ikkje bøygd i numerus eller kasus.
[endre] Syntaks
Ordstillinga i burmesisk er subjekt-objekt-verb.
[endre] Ordforråd
Mykje av ordforrådet er frå pali og sanskrit, og etter [[1800-talet frå engelsk.
[endre] Klassifikatorsystemet
Burmesisk har ikkje genus, i staden har det, som ein del andre sørasiatiske språk, eit klassifikatorsystem. Substantiv er delt opp i klasser etter ulike kriteria, og når dei får kvantorar foran seg, vil det for kvar klasse vere ulike former av same kvantor å velje frå. Ordet for "mengde" er ku for ting, kaung for dyr, og yao for menneske. "Tre personar" er t.d. lu donh yao (person tre mengde).
[endre] Nokre fraser
- Mingalaba - formelt hallo
- Jieh zu tinba dhe - tusen takk
- Nei kaun la? - har du det bra?
- Thuo duo mhe - No fer eg.
- Kaun da buo - Det er fint.
- Ingleizaga puo la? - Snakker du engelsk?
- Hoke kei - Ja
[endre] Litteratur
- Ko, Taw Sein (1924). Elementary Handbook of the Burmese Language. Rangoon: American Baptist Mission Press.
- Wheatley, Julian K. (1987). Burmese. In Handbook of the World's Major Languages, ed. B. Comrie, 834-54. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-520521-9.