Unge Venstre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unge Venstre (Norges Unge Venstre) er ungdomspartiet til det politiske partiet Venstre, og vart stifta 27. januar 1909, med Anders Kirkhusmo som den første leiaren. Noverande leiar, sidan 2003, er Lars-Henrik Michelsen frå Austevoll i Hordaland.
Unge Venstres Formålsparagraf lyder: Norges Unge Venstre byggjer på den liberale ideologien. Organisasjonen arbeider for å fremma ein radikal politikk, tufta på ei liberal samfunnsforståing. Formålet er å samle oppslutning om organisasjonens idéar blant ungdom. Norges Unge Venstre er ein sjølvstendig ungdomsorganisasjon som samarbeider med Venstre.
Ungdom mellom 14 og 35 år kan bli medlemmer i Unge Venstre, forutsett at dei deler organisasjonen sitt politiske syn. Samarbeidet med Venstre er tett. Leiaren av Unge Venstre er automatisk med i sentralstyret i Venstre - dette gjeld på alle plan frå den nasjonale organisasjonen til fylkeslag og lokallag.
Politisk er Unge Venstre ein liberal organisasjon, som står for ein stor grad av personlig og økonomisk fridom for enkeltmennesket, men samtidig er tilhengjarar av offentleg utdanning og velferdsordningar. Miljøpolitikk har òg lenge vore eit viktig politikkområde for Unge Venstre.
Unge Venstre går i motsetning til moderpartiet Venstre inn for norsk medlemskap i EU, sidan landsmøtet i Bergen i 2000.
Unge Venstre er medlem av desse internasjonale organisasjonane
- International federation of Liberal Youth (IFLRY)
- European Liberal Youth (LYMEC)
- Nordens Liberale og Radikale Ungdom (NLRU)
[endre] Formenn og leiarar i Unge Venstre
- Anders L. Kirkhusmo 1909 - 1912
- Hans Hope 1912 - 1914
- Toralv Øksnevad 1914 - 1916
- Torkell Løvland 1916 - 1920
- Olav Gullvåg 1920 - 1926
- Anton Laurin 1926 - 1930
- Johannes Teigland 1930 - 1934
- Aasmund Næs 1934 - 1946
- Helge Rognlien 1946 - 1948
- Olaf Kortner 1948 - 1950
- Helge Røed (under Kortner sitt utanlandsopphald) 1950
- Jon Norbom 1950 - 1952
- Simen Skjønsberg 1952 - 1956
- Ragnar Sem (under Skjønsberg sitt utanlandsopphald) 1955 - 1956
- Odd Grande 1956 - 1960
- Magne Lerheim 1960 - 1962
- Olav Myklebust 1962 - 1964
- Halle Jørn Hanssen 1964 - 1966
- Ola H. Metliaas 1966 - 1968
- Kjell G. Rosland 1968 - 1970
- Odd Einar Dørum 1970 - 1972
- Carl Johan Sverdrup 1972 - 1974
- Jørn Rattsø 1974 - 1975
- Ottar Grepstad 1975 - 1976
- Olav Ljøsne 1976 - 1979
- Torgeir Anda 1979 - 1980
- Øystein Heggen 1980 - 1981
- Jesper W. Simonsen 1981 - 1983
- Erling Moe 1983 - 1985
- Hege Berg-Nielsen 1985 - 1986
- Guro Fjellanger 1986 - 1988
- Atle Hamar 1988 - 1990
- Gunn-Vivian Eide 1990 - 1992
- Per Tore Woie 1992 - 1994
- Helge Solum Larsen 1994 - 1997
- Sverre Molandsveen 1997 - 1998
- Jennie Johnsen 1998 - 2001
- Monica Tjelmeland 2001 - 2003
- Lars-Henrik Michelsen 2003 - d.d.