Lars-Henrik Michelsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars-Henrik Michelsen (fødd 1981) kjem frå Austevoll i Hordaland og vart vald til leiar for Unge Venstre på landsmøtet i 2003. Han studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han har hatt feriejobbar som lagermedarbeidar, butikkassistent og pleiemedhjelpar. I tillegg har han jobba frivillig for Strømmestiftelsen i Uganda i eit år, og vore sivilarbeidar i Bergen Turlag.
Han har tidlegare hatt verv i Hordaland Unge Venstre og var i perioden 2002-2003 internasjonal leiar i Unge Venstre. Han har eit særleg engasjement i internasjonal politikk.
Føregjengar: Monica Tjelmeland |
Leiar av Unge Venstre (2003–)
|
Etterfylgjar: |