Helge Solum Larsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Solum Larsen (fødd 14. januar 1969) frå Stavanger er ein norsk politikar (Venstre). Han har site i bystyret i Stavanger sidan 1991. Frå 1994 til 1997 var han leiar for Unge Venstre. I stortingsperioden 2005 til 2009 er han første vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Frå 2004 er han med i landsstyret i Venstre. Han har òg vore varamedlem i styret i Nei til EU.
Føregjengar: Per Tore Woie |
Leiar av Unge Venstre |
Etterfylgjar: Sverre Molandsveen |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |