Per Tore Woie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Tore Woie (fødd 1969) er ein norsk politikar (Venstre). Han er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Oslo med mastergrad frå London School of Economics. Frå 1992 til 1994 var han leiar for Unge Venstre etter å ha site i sentralstyret sidan 1990. Frå 1995 til 1997 jobba han som politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe. I sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000 var han Venstre sin statssekretær ved statsministerens kontor. I førre stortingsperiode jobba han igjen som politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe.
Føregjengar: Gunn-Vivian Eide |
Leiar av Unge Venstre |
Etterfylgjar: Helge Solum Larsen |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |