Svein Blindheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Lavik Blindheim (f. 29. august 1916) på Voss, er ein norsk motstandsmann og offiser. Under andre verdskrig arbeidde han med motstand mot tysk okkupasjon av Noreg. I 1945 fekk han fleire medaljar for innsatsen sin, og vart major. Han er ein av dei høgast dekorerte krigsoffiserane i Noreg. Etter krigen arbeidde han med ymse etterretningsverksemd. Etter kvart vart han kritisk til denne verksemda. I 1978 vart han dømd til fengselsstraff for å ha fortald om norsk verksemd i Finland, knytt til spionasje mot Sovjetunionen. Etter kvart som den kalde krigen utvikla seg, byrja han ope å kritisera NATO og norsk atompolitikk. Blindheim slutta som offiser i det norske forsvaret, og utdanna seg til historikar og lektor. Sommaren 2006 vart Blindheim igjen aktuell i samband med at NRK synte ein dokumentarfilm om han. Dokumentarfilmen fekk tittelen Krigshelt i utakt.
Innhaldsliste |
[endre] Innsats under andre verdskrigen
Etter det tyske overfallet 9. april 1940 tok han snøgt del i kampane. Med 100 mann, av desse fall 21, kjempa dei mot den tyske overmakta. Etter kapitulasjonen i 1940 reiste han til Sverige. Frå Sverige kom han seg sommaren 1941 vidare til Skottland via Odessa, Baku, Persia og India. I Skottland vart han med i Kompani Linge. Den 16. april 1943 hoppa han ut i fallskjerm nord for Drammen. Etter dette arbeidde han med å organisera Milorg i Stor-Oslo. 17. november same året vart han arrestert av tyskarane, men greidde å skyta seg ut av situasjonen og kom seg over til Sverige.
[endre] Verkliste
- 1981: Offiser i krig og fred, Oslo Det Norske Samlaget ISBN 82-521-2040-7
- 1977: Nordmenn under Hitlers fane : dei norske frontkjemparane, Oslo Noregs boklag ISBN 82-522-0362-0
[endre] Lenkjer ut
- "Et oppgjør med vår krigshistorie", kronikk i Dagbladet 3. juni 2006
- Krigshelt i utakt omtale i Dag og Tid
- Krigshelt i utakt. Fra krigshelt til opposisjonell på http://www.nrk.no
- Overvaka for meiningane http://www.bt.no