Drammen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0602 |
Fylke: | Buskerud |
Administrasjonssenter: | Drammen |
Flatevidd: | 137 km² |
Folketal: | 57 759 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.drammen.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Tore Opdal Hansen (H) 2003-2007 |
Drammen er ein bykommune i Buskerud fylke, der han òg er administrasjonssenter. Byen ligg på begge sider av Drammenselva der ho munnar ut i Drammensfjorden. Drammen hamn er ei naturleg hamn som har vorte brukt sidan vikingtida.
Drammen kommune har omlag 58 000 innbyggjarar, men byen har vakse slik at han strekk seg inn i nabokommunane Lier, Røyken, Øvre Eiker og Nedre Eiker. Tettstaden Drammen har difor bortimot91 000 innbyggjarar (2006) og er dermed den femte største i Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Namnet
Namnet er ei forvansking av det gamle namnet «Drafn», som var namnet på den inste delen av Drammensfjorden, 'fn'-leddet har som på dei fleste plassane austafjells blitt til 'mn'. Vidare har det blitt satt inn ein vokal for å forenkle uttalen av 'mn'-leddet.
[endre] Historie
Helleristingar på Åskollen og ved Skogerveien viser at det har vore menneske i området i minst 6 000 år. Likevel var det først på 1300-talet at menneske danna varige busetjingar der, med ladestadane Bragernes og Strømsøy på kvar si side av elva. Først i 1811 blei dei to slått saman til kjøpstaden Drammen.
Ein brukte hamna til å samla, behandla og eksportera tømmer som var kome ned elva, og på syttenhundretalet var dei to kjøpstadane det største tømmersenteret i Norge. I takt med den industrielle revolusjonen byggde ein òg fleire papirfabrikkar der på slutten av 1800-talet. Av annan industri hadde byen glasverk, jarnverk og bryggjeri. Saman med fabrikkane vaks arbeidarrørsla fram i byen, og det var her at Marcus Thrane starta den første arbeidarforeninga i 1848. Drammens stordomstid som industriby var frå omkring 1900 og fram til mellomkrigstida og følgjer konjunkturane i treforedlingsindustrien.
Drammen fekk jarnbane i 1870 då Randsfjordbanen nådde byen. Drammensbanen frå Oslo kom i 1872. I 1909 fekk byen den første trolleybussen i Skandinavia, kalla trikken på folkemunne. Trolleybussen blei lagt ned i 1967.
[endre] Drammen i dag
Mot slutten av sekstitalet stengde dei fleste papirfabrikkane, og industrien i Drammen endra deretter utsjånad. No driv ein med elektronikk, næringsmiddel, trykking og grafikk. Drammen er fortsatt eit transportsenter, men innføring har dels erstatta utføring av varer, spesielt nisjevarer som moderne bilar og frisk frukt og grønt.
Som eit trafikknutepunkt skore gjennom av E18 og startpunkt for E134, møtepunkt for Sørlandsbanen, Bergensbanen og Drammensbanen og den største importhamna for bilar i Noreg, har Drammen vore prega av trafikkpress og kaos.
I dag går trafikken vestover gjennom to tunnellar, med E134 på sørsida av elva og den lokale riksvegen på nordsida. Motorvegbrua, den lengste vegbrua i Noreg, har lenge vore ein flaskehals på E18 med sine to felt. Ei ny bru ved sida av som er under bygging skal dobla kapasiteten.
[endre] Haldningar til byen
Drammen blir ofte kalla keisam eller stygg, ein soveby til Oslo, der folk bur og søv, men ingenting skjer. Eit munnhell seier at det er «betre med ein dram i timen enn ein time i Drammen». Dette har truleg samanheng med at Drammen er «litlebror» til Oslo, og derfor automatisk får mykje rart slengd etter seg. Men betre vegplanlegging og eit nyrestaurert bybilde er i ferd med å gjeva Drammen eit betre rykte.
[endre] Utdanning
[endre] Institusjonar
- Drammen Travbane
- Drammens Museum
- Drammens Teater
- Drammens Tidende
- Drammenshallen
- Union Scene
- Aass Bryggeri
[endre] Kjende drammensarar
- Hanna Winsnes (1789-1872)
- Johan Halvorsen (1864-1935), komponist
- Sigurd Christiansen (1891-1947), forfattar
- Triztán Vindtorn (f. 1942), lyrikar
- Tor Bomann-Larsen (f. 1951), teiknar og forfattar
- Kim Christiansen
- Johann Olav Koss
- Charles Mathiesen
- Sten Einar Stensen
[endre] Lenkjer ut
|