Strykekvartett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein strykekvartett er ei gruppe av fire strykarar, eller musikkstykke skrivne for ei slik gruppe. Vanlegvis fell musikken ein strykekvartett spelar inn under nemninga kammermusikk.
Innhaldsliste |
[endre] Samansetjing
Gruppa kan teoretisk setjast saman av alle slags strykeinstrument, men normalt er instrumenta:
-
- ei fyrstefele
- ei andrefele
- ein bratsj
- ein cello
[endre] Musikk
Eit musikkstykke for fire strykeinstrument kan ha alle mulige former, men om det ganske enkelt blir omtala som ein strykekvartett har det som regel fire satsar og har same utforming som ein symfoni. Dei ytre to satsane er som regel raske, medan ein typisk har ein sein sats og ein dansesats (til dømes menuett eller scherzo) i valfri rekkefølge inni.
[endre] Komponistar
Eit utval av komponistar som har utmerka seg ved å skriva strykekvartettar:
- Joseph Haydn (1732-1809)
- Luigi Boccherini (1743-1805)
- Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791)
- Ludvig van Beethoven (1770-1827)
- Franz Schubert (1797-1828)
- Felix Mendelssohn (1809-1847)
- Bedrich Smetana (1824-1884)
- Alexander Borodin (1833-1887)
- Johannes Brahms (1833-1897)
- Antonin Dvorák (1841-1904)
- Leos Janácek (1854-1928)
- Claude Debussy (1862-1918)
- Maurice Ravel (1875-1937)
- Béla Bartók, (1881-1945)
- Dmitrij Sjostakovitj (1906-1975)
- Vagn Holmboe (1909-1996)
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |