Johannes Brahms
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Brahms (7. mai 1833–3. april, 1897) var ein tysk romantisk komponist som var fødd i Hamburg, men hovudsakleg budde i Wien. Mange såg på Brahms som ein etterfylgjar etter Beethoven, mellom anna fekk den første symfonien hans fekk kallenamnet "Beethovens tiande symfoni".
Den unge Brahms viste tidleg eit talent som pianist, og tente ei tid til livets opphald ved å spela i vertshus og til dansetilstelningar.
Som komponist var Brahms konservativ, men ikkje reaksjonær. Han komponerte seint og under sterk sjølvkritikk. Tonen hans er dyster, men sjølv dei mest alvarssame verka blir gjevne liv av den lyriske varmen i temaene hans og sansen Brahms hadde for musikalsk drama.
[endre] Verk
- Klaverkonsert nr. 2 i d-mol opus 15 (1859),
- Ein deutsches Requiem opus 45 (1869) ( Høyr (filinfo))
- Symfoni nr 1 i c-moll opus 69 (1877),
- Symfoni nr. 2 i D-dur opus 73 (1877),
- Fiolinkonsert opus 77 (1879),
- Akademisk festouverture opus 80 (1880),
- Tragisk ouverture opus 81 (1881),
- Klaverkonsert nr. 2 i B-dur opus 83 (1881),
- Symfoni nr 3 i F-dur opus 90 (1883),
- Symfoni nr 4 i e-moll opus 98 (1885),
- 2 serenadar, Dobbeltkoncerten i a-mol opus 102 (1887),
- Klarinetkvintett i h-moll opus 115 (1891),
- Tre intermezzoar opus 117 (1892),
- Variasjonar over eit tema av Haydn "St. Antoni-koralen" opus 35,
- Variasjonar over eit tema av Robert Schumann opus 23,
- Variasjonar og fuge over eit tema av Händel opus 24,
- 21 ungarske dansar ( Høyr (filinfo))
- 3 klaversonater: Händelvariasjonar og Paganinivariasjonar, Rinaldo, Schicksalslied, Altrapsodi, Die schöne Magelone, Vier ernste Gesänge, Liebeslieder opus 52 ( 1862) m.m.
[endre] Peikar ut
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |