Steinulf Tungesvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinulf Tungesvik (f. 24. desember 1965) er ein norsk jurist og politikar. Han er frå 21. oktober 2005 statssekretær for Senterpartiet i Samferdsledepartementet under statsråd Liv Signe Navarsete i den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg, regjeringa Stoltenberg II. Han var til då leiar i Noregs Mållag (2005).
Tungesvik voks opp i Skånevik i Hordaland fylke, og er son av KrF-politikaren Hans Olav Tungesvik. Steinulf Tungesvik har juridisk embetseksamen og ber tittelen forretningsadvokat. Han var politisk rådgjevar og seinare statssekretær for sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) i den fyrste Bondevik-regjeringa. Han var sentral i arbeidet med å setje i gang Norsk Ordbok 2014-prosjektet, som forfattar av forprosjektsrapporten Norsk ordbok 2014 - om vegen fram til fullføring av ordboksverket i 2014.
Tungesvik vart sterkt profilert under Slepp nynorsken til-kampanjen arrangert av Noregs Mållag i 2005. Han vart òg profilert som ein sterk forkjempar for eit nynorsk nettleksikon. Saka om nynorsk nettleksikon vart serskilt teke med i Soria Moria-erklæringa; "Regjeringen vil (...) stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon."
I 2000 vart Tungesvik tilsett i Kluge advokatfirma i Oslo. I 2004 flytta han til Bergen, samstundes som han heldt fram i same selskap. I april 2005 vart vart han veld til leiar i Noregs mållag, ei stilling han sa frå seg for å byrje i statssekretærstillinga i oktober same år.
[endre] Lenkje ut
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |