Skylab
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skylab var den første romstasjonen som amerikanarane sendte i omlaup rundt jorda. Den 75 tonn tunge stasjonen sveiv rundt jorda frå 1973 til 1979, og fekk besøk av mannskap frå jorda 3 gonger frå 1973 til 1974.
[endre] Historie
Skylab vart skoten opp utan mannskap den 14. mai 1973 av ein totrinns Saturn V-rakett. Knapt eit minutt hadde gått før restar frå beskyttelseskjoldet sleit av det eine solpanelet og skada det andre panelet. Ettersom det skada solpanelet ikkje folda ut skikkeleg, fekk romstasjonen dermed eit alvorlegt underskot av straum. Då mannskapet på Skylab 2(sjølve stasjonen bar namnet Skylab 1 då den vart skoten opp) vart sendt opp den 25 mai 1973, forsøkte mannskapet å manuelt rette ut solpanelet. Då dette ikkje gjekk, satte dei istaden opp ein medbrakt "parasoll" som gav straum nok til å få opp temperaturen i romstasjonen, slik at mannskapet kunne gå ombord.
Etter att den siste besetninga forlot Skylab den 8. februar 1974 var meininga att Skylab skulle fortsetta å kretsa runt jorda fram till byrjinga av 1980-talet, men på grunn av auka solaktivitet ekspanderte jordatmosfæren og banen til Skylab sank dermed raskare enn kva ein hadde rekna med. Skylab styrta den 11. juli 1979.
[endre] Skylab-ferdene
Skylab 1 var oppskytinga av sjølve romstasjonen | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Oppdrag | Frå | Til | Total tid | Omlaup rundt jorda | Besetning | Forskningsoppgåver |
Skylab 2 | 25. mai 1973 | 28. juni 1973 | 28 dagar, 50 minutt | 404 | Charles Conrad Paul J. Weitz Joseph P. Kerwin |
Solobservasjonar Jordfotografering Boimedisinske eksperiment |
Skylab 3 | 28. juli 1973 | 25. september 1973 | 49 dager, 11 timer | 858 | Jack L. Bean Jack R. Lousma Owen K. Garriott |
Biologiske eksperiment Rom-medisin Solfysikk Astrofysikk Jordobservatsjonar Teknologi |
Skylab 4 | 16. november 1973 | 8. februar 1974 | 84 dager, 1 time | 1 214 | Gerald P. Carr William R. Pogue Edward G. Gibson |
Biologiske eksperiment Rom-medisin Solfysikk Astrofysikk Jordobservasjoner Teknologi |
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |