Romstasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein romstasjon er eit menneskeskapt bemanna romfartøy som er konstruert så menneska kan opphalde seg i verdsrommet i kortare eller lengre tid. Ein romstasjon er berre til bruk ute i verdsrommet. Astronautar/kosmonautar som skal til eller frå romstasjonen lyt difor ta i bruk rakettar (som til dømes Sojuz eller Apollo) eller amerikanske romferjer. Romstasjonar vert brukt til eksperiment som ikkje kan utførast i andre fartøy.
Alle romstasjonene som har vore i bruk har gått i omlaup rundt jorda i høgder på 300 -450 km over jorda.