Nikolaj Kruglov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Nikolajevitsj Kruglov, russisk Николай Николаевич Круглов, (fødd 8. april 1981 i Nizjnij Novgorod i Russland) er ein russisk skiskyttar. Han er son av Nikolaj Kruglov, OL-vinnar i skiskyting i 1976.
Kruglov hadde fleire medaljar frå juniorverdsmeisterskapa i skiskyting i 2001 og 2002, og slo gjennom for fullt i seniorklassen i 2005. Dette året sikra han seg sin første verdscupseier i Pokljuka, og under VM gjekk han på det russiske stafettlaget som vann gull.
Kruglov bur i Khanty-Mansijsk. Han er utdanna frå Innanriksdepartementet sitt Akademi i Nizjnij Novgorod i jus. Han var med i den russiske troppen til OL i Torino i 2006 og var der med å ta sølv på stafetten.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 8. plass (2004/05)
- Verdsmeisterskap:
- 1 gull, 1 sølv (beste individuelt: 4. plass på fellesstart og jaktstart, 2005)
- Olympiske leikar:
- 1 sølv (beste individuelt: 11. plass (jaktstart, 2006)
- Verdscuprenn:
- 1 gull, 4 sølv, 2 bronse
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nikolaj Kruglov sin fanklubb på russisk