Khanty-Mansijsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khanty-Mansijsk (russisk Ханты-Мансийск) er ein by i vest-Sibir i Russland, og hovudstad i det autonome distriktet Khanty-Mansia. Folketalet er 57 300 (2005). Byen vart grunnlagd i 1930 som tettstaden Ostjako-Vogulsk. I 1940 skifta han navn til Khanty-Mansijsk, og i 1950 fekk han bystatus. Han ligg ved elva Irtysj. Dei siste åra har byen sin økonomi nytt godt av store oljeinntekter. I 2003 arrangerte byen verdsmeisterskapen i skiskyting, og her vert javnleg arrangert verdscuprenn i skiskyting.
Distriktet har status som autonomt distrikt fordi det er sentrum i området for khantyane og mansiane, talarane av dei ob-ugriske språka khantisk og mansisk.