Verdscupen i skiskyting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdscupen i skiskyting er blitt arrangert sidan sesongen 1977/78 (for herrar) og 1982/83 (kvinner). Fram til sesongen 1986/87 blei verdscupen for kvinner kalt Europacup, men deltakinga var ikkje avgrensa til europearar.
Verdscupsesongen varer frå desember til mars, med løp på forskjellige arenaer nesten kvar veke. Sesongen består totalt av 9-10 konkurranseveker, der øvelsane vert arrangert frå onsdag/torsdag til søndag. Stafett vert arrangert fire til seks ganger kvar sesong. VM- og OL-øvelsar tel òg med i verdscupen.
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over idrettsspirer. |