Roman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein roman er ei lengre, oppdikta prosaforteljing som gjerne blir utgjeven som eiga bok. Som regel skildrar ein roman livet og skjebnen til eitt eller fleire menneske. Forfattaren kan velja å leggja vekt på ytre hendingar og miljøskildringar, eller konsentrera seg om karakterutviklinga til personane.
[endre] Historie
Ordet kjem frå romanz, som i middelalderen var nemniga på det talespråket som hadde utvikla seg på fransk område frå «romarspråket», latin. Etter kvart gjekk ordet over til å visa til ein særskild sjanger av forteljingar skrivne på folkespråket, men med antikke romerske førebilette. Den høviske romanen kom på moten i Frankrike på 1100-tallet. Ein reknar likevel den første eigentlege romanen i europeisk litteratur til å vera det spanske verket Don Quijote av Miguel de Cervantes.
I løpet av 1800-talet utvikla romanen seg til å bli den mest populære litterære sjangeren, og frå slutten av 1800-talet og framover har ei rekke forfattarar ført romansjangeren inn på nye vegar, slik at han har fortsett å vera en hovudsjanger også under modernismen: Fjodor Dostojevskij, Knut Hamsun, Marcel Proust, Franz Kafka, James Joyce, Virginia Woolf, Robert Musil.