Leopard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leopard |
||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Leopard Panthera leo |
||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||
|
||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||
Panthera pardus {{{etter klassifiseringa til}}} |
Leoparden er det mest tilpasningsdyktige av dei store kattedyra. Han lever overalt frå dampande tropisk regnskog og tørre savannar i Afrika til over tregrensa i Himalaya. Best trivst han når han har tilgong på tre å sova i og jakta frå.
Heilt svarte leopardar kallast pantrar.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Leopardar har ei kroppslengde på 100-190 cm og veg mellom 30 og 70 kg. Hannen er om lag 50% større enn hoa. Det mest karakteristiske kjenneteiknet til leoparden er den flekka pelsen, sjølv om nokre (pantrar) er heilt svarte.
[endre] Utbreiing
Leoparden levar i heile Afrika sør for Sahara, i tillegg til sør på den arabiske halvøya, India, Kina og søraust-Asia. Tidlegare fann ein dei òg så langt nord som den russiske grensa mot Nordishavet. Når det kjem til habitat er leopardane meir tilpasningsdyktig enn noko anna kattedyr i den gamle verda; då ein kan støyta på dei frå halvørken til tropisk regnskog til høgfjell og alt i mellom.
[endre] Åtferd
Leoparden er ein einsam, nattaktiv jegar som følger den same teknikken som dei fleste andre kattedyra: Han ligg på lur eller snik seg inn på byttet før han avsluttar med nokre raske byks. Han utmerker seg òg som ein dyktig klatrar, og lagrar ofte bytte i tre for å unngå at det vert teke av åtseldyr. Leoparden går vanlegvis på små til mellomstore dyr og fuglar, noko som skil han frå dei andre store kattedyra i slekta Panthera.
[endre] Kjelder
Kategoriar: Kattedyr | Pattedyr | Rovdyr