Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Mikalsen Kvifte
|
Her framførar eg ein eigenkomponert song iført tåpelege klede |
nn |
Denne brukaren har norsk som morsmål og meistrar nynorsk. |
|
|
|
|
Eg vart fødd i Arendal den 27. mai 1987, men har budd mesteparten av livet på Noregs største (og sikkert vakraste) innlandsøy, Osterøy i Hordaland. Nett no er eg på veg ut av heimen for å bu nærare studiestaden min UIB, der eg studerer biologi. Eg har arbeide som frilansar for avisa Bygdanytt, og har òg tidlegare skrive for m.a. Norsk Barneblad, Ungdom mot EU-avisa og Rødt Press.
Kompetanseområda mine inkluderer populærkultur (særleg populærmusikk og teikneserier), biologi (særleg økologi, zoologi og systematikk), politikk (eg reknar meg som ytterleggåande sosialdemokrat og har bakgrunn frå m.a. Sosialistisk Ungdom) og språk. På wikipedia har eg skrive mykje om hiphop og zoologi - særleg det siste er uforskamma mangelfullt på denne delen av verdsveven.
På fritida syng eg i banda Modne Kvinner og Pissoarkameratane, i tillegg til å spela gitar, bass og piano litt for meg sjølv. Dessutan lagar eg hiphop under namnet St Bruno.