Himalaya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Himalaya er ein fjellkjede i Asia, og delar India og det nordlege Pakistan i sør, frå det store tibetanske platået (no ein del av Kina) i nord.
Nepal og Bhutan er sjølvstendige nasjonar i den sørlege delen av fjella. Himalaya heng sammen med Hindu Kush-fjellkjeden i Afghanistan og Karakoram i Pakistan. Ordet Himalaya er av sanskrit-opphav og tyder "snøens heim" (Sanskrit him "snø", og aalaya "hiem"). I Hindi-/sanskrit uttale, vert Himalaya uttala med den første a-en lang og den siste a-en kort, altså /himaal-ya/.
Verdens høgaste fjelltoppar, inkludert Mount Everest (8850 m), K2 (8611 m) og Kanchenjunga (8598 m), ligg i Himalaya.
Komplett liste over alle toppane over 8000 meter som alle ligg i Himalaya eller i nære fjellkjeder finn ein på EverestNews.com
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |