Leonhard Euler
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leonhard Euler (fødd 15. april 1707 i Basel, død 18. september 1783 i St. Petersburg) var ein sveitsisk matematikar og fysikar. Han er rekna som ein av dei største matematikarane gjennom tidene, saman med til dømes Carl Friedrich Gauss. Leonhard Euler nytta omgrepet «funksjon» (fyrst definert av Leibniz i 1694) til å skildra eit uttrykk med parametrar, altså y = F(x). Asteroiden 2002 Euler er oppkalla etter han.
Euler var eit barnegeni, fødd og utdanna i Basel. Han arbeidde det meste av livet sitt som professor i matematikk i St. Petersburg, med eit opphald i Berlin. Han ruva i matematikkfaget på 1700-talet, og kom fram til mange sluttingar basert på den nye matematiske analysen. Euler var ein av dei mest produktive matematikarane me har sett, med 75 bind i dei samla verka sine. Dei siste sytten åra av livet sitt, då han skreiv nesten halvparten av dei totale utgjevingane sine, var han totalt blind.
[endre] Eulers tal
Eulers tal, e, er definert som
[endre] Sjå òg
- Eulers formel
- Eulers sats
- Eulers konstant
- Eulers φ-funksjon
- Eulers stegmetode
- Königsberg sine sju bruar
- Matematikkens historie
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |