Kattefamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kattefamilien |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||
|
||||||
Artar | ||||||
Felis silvestris |
Kattefamilien (Felidæ) er ein rovdyrfamilie med ca 35 ulike artar spreidd over heile verda unnteke Oseania og Antarktis. Dei er kjøttetarar og predatorar, og brukar dei store kvasse hjørnetennene sine til å fange bytte. Eit typisk kattedyr er ein einsam jegar med tilhaldsstad i ein skog.
[endre] Store kattedyr
Dei store kattedyra høyrer til slektene Panthera, Acinonyx og Neofelis, og skil seg frå dei mindre kattane ved å kunne brøla og å ha pels mellom snute og overleppe. Til denne gruppa høyrer nokre av dei mest frykta pattedyra i verda, m.a. løve, tiger og leopard.
[endre] Små kattedyr
Dei små kattedyra har ein malande låt og høyrer til slekta Felis. Det finst om lag 30 artar små kattar, mest kjend er den vanlege huskatta. Trass i namnet kan fleire av artane i denne gruppa bli ganske store, m.a. puma, gaupe og serval.
[endre] Utvikling
Dei første medlemmane i kattefamilien dukka opp for om lag 50 millionar år sidan, i tidsperioda eocen. Mellom dei mest kjende forhistoriske kattedyra reknast sabeltigrane Smilodon og Homotherium, som levde frå oligocen (ca 38 millionar år sidan) til sein pleistocen (ca 8000 år sidan), men desse har ingen levande etterkommarar i dag. Dei første moderne kattane (underfamilie Felinae) dukka opp i miocen, for 25 millionar år sidan.