Kaizers Orchestra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaizers Orchestra er eit norsk rockeband danna i Bergen. Kaizers vert ofte knytt til Bryne på Jæren, sidan dei mest mediekjende medlemmane kjem derifrå, og på grunn av at tekstane er og vert framførd på tilnærma jærmål. Gruppa vart danna i 2000 og har seks medlemmar.
Kaizers Orchestra platedebuterte i 2001 med Ompa til du dør, som mange meldarar meinte var blant dei beste norske plateutgjevinga det året. For debutalbumet fekk dei Spellemannsprisen for beste rockealbum.
Kaizers hadde alt då vakt oppsikt som eit framifrå godt liveband, sidan dei hadde skapt sitt heilt særeigne lydbilete, mellom anna ved hjelp av ukonvensjonelle instrument som brekkjern, kubein, bilfelgar og oljefat, i tillegg til ompatakter frå pumpeorgel. Den skranglete rocken dette gjer, har fått mange til å samanlikna Kaizers med Tom Waits.
Det heile starta rundt 1990, då barndommskameratane Geir Zahl og Janove Ottesen som femtenåringar byrja å spela i kjellaren heime hjå Geir på Bryne. Dei danna bandet Blod, snått & juling. Dei spela inn fleire kassettar, som fekk hederleg omtale i lokal pressa.
Etter at dei flytta til Bergen, skifta dei etter ei lita stund namn til Gnom, og fekk gitt ut sin første cd, kalla «Mys».
Innhaldsliste |
[endre] Medlemer
- Janove Ottesen, song, oljefat
- Geir Zahl, gitar, song, oljefat, felg
- Terje Vinterstø, gitar, oljefat, felg
- Helge Risa, pumpeorgel, oljefat
- Rune Solheim, slagverk
- Jon Sjøen, kontrabass til 2003
- Øyvind Storesund, kontrabass frå 2003
[endre] Diskografi
[endre] Album
- Ompa til du dør (2001)
- Evig Pint (2002)
- Maestro (2005)
- Live at Vega (2006)
[endre] DVD
- Viva La Vega (2006)
[endre] EP-ar og singlar
- Kaizers Orchestra EP (2000)
- Mann mot mann (2002)
- Død manns tango (2003)
- The Gypsy Finale (2004)
- Maestro (singel)]] (2005)
- Maestro (bonus disc]] (2005)