Bryne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryne er ein by i Time kommune i Rogaland fylke. Bryne ligg om lag 25 minutt med tog langs Jærbanen sørover frå Stavanger. Bryne har 7 789 innbyggjarar innanfor eit areal på 4,77 km2. Byen fekk bystatus 1. januar 2001.
Namnet «Bryne» kjem frå norrønt brún ('kant, skrent') og -vin ('eng').
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Bryne vaks opp rundt Thime Station langs Jærbanen, som blei opna i 1878. Staden blei eit senter for handel, industri, økonomi og etter kvart utdanning. Av ulike institusjonar blei bedehuset Saron opna her i 1878, Jæderen Meieri og Jæderens Uldvarefabrik i 1898, meieriskule i 1906, og Rogaland Landsgymnas i 1924.
I 1921 vart det ved folkeavstemming bestemt at Thime Station skulle endre namn til «Bryne». Bryne vaks fort til å verta den styrste tettstaden på Jæren
[endre] Sport
Bryne har hatt ein fotballklubb i øvste divisjon for herrar (Tippeligaen), Bryne FK. Bryne FK speler i 2005 i 1. divisjon.
[endre] Kultur
1. oktober 2004 vart Fritz Røed-parken opna i parkområdet kring Mølledammen i Bryne sentrum. Parken har fleire skulpturar av kunstnaren Fritz Røed, som vaks opp på Bryne.