Terje Vinterstø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Vinterstø (f. 5. august 1977) er gitarist i det norske bandet Kaizers Orchestra. Han blei med i gruppa i 2000, men hadde òg vore med på prosjekta bandmedlemene hadde før dette. Terje var ein gamal musikarkamerat av Janove Ottesen og Geir Zahl, og hadde vore med på alle innspillingane Blod, Snått & Juling og gnom hadde gjort. Terje hadde, som Geir, bakgrunn frå Klepp Rockeklubb og spelde funk/rockegitar i Zombie Porkchop og seinare indie-gitar i Watershed. Han er dessutan vokalist og gitarist i punkbandet Skambankt.
Vinterstø er kjent som «blondina» i Kaizers Orchestra, og er også den yngste i gruppa. I følge bandintroduksjonen til Janove Ottesen på konsertar spelde Terje tidlegare i Johnny and The Sexual Problems som han turnerte med på Balkan på 90-talet.