Jøssing
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jøssing var eit namn på antinazistiske nordmenn under andre verdskrig. Navnet kjem av Altmark-saka i Jøssingfjord den 16. februar 1940. Nemninga vart fyrst nytta som eit skjellsord av Fritt Folk, avisa til det styrande partiet Nasjonal Samling (NS). Nemninga vart ganske snart teke i bruk som ei positiv nemning på "gode nordmenn" som var i mot den tyske okkupasjonen og politikken til NS. Namnet Quisling vart tilsvarande teke i bruk som eit skjellsord på folk som samarbeidde med NS og tyskarane.