Flora kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Flora kommune kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1401 |
Fylke: | Sogn og Fjordane |
Administrasjonssenter: | Florø |
Flatevidd: | 693 km² |
Folketal: | 11 410 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.flora.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Bente Frøyen Steindal (Ap) 2003-2007 |
Flora er ein bykommune i Sogn og Fjordane fylke. Han inneheld fleire øyar, halvøyar og fjordar som Eikefjorden og Norddalsfjorden.
Florø, som er administrasjonssenter i kommunen, er òg Noreg sin vestlegaste by. "Havet sitt sølv", silda, var lenge hovudnæringa for Flora og Florø, og ein finn igjen fisken i kommunevåpenet.
Kommunen har eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Kinnaspelet vert framført kvart år på sagaøya Kinn. Sildebord og rockefestival er andre trivelege aktivitetar å få med seg. I tillegg har Flora idrettshall, symjehall, fotballbanar, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.
Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet i Sogn og Fjordane gjev eit historisk perspektiv. Flora er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet, og fekk utdelt Miljøbyprisen i 1998.
Næringslivet i kommunen er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet.
Høge fjell: Blåbreen , 1379 m.o.h, grensetriangel mellom Flora, Bremanger og Gloppen. Risekeipen, 1365 m. o. h, grensepunkt mellom Flora og Bremanger. Storebottsnipa, 1206 m.o.h.
Bygder: Eikefjord Norddalsfjorden
Flyplassen Florø lufthamn ligg i kommunen.
[endre] Kjende personar frå Flora
[endre] På verdsveven
|