Ausevika
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ausevika er eit helleristingsfelt i Flora kommune. Feltet er eit av Noregs største.
Ausevikafeltet er i overkant av 1.500 m² stort og har over 300 registrerte figurar. Truleg finst det òg fleire figurar som i dag er dekka av mose. Motiva omhandlar alt frå dyr og menneske til abstrakte figurar, men det er motiv av hjort som er representert flest gonger. Det er tydeleg at hjorten hadde ein viktig plass i jaktkulturen her for omlag 4.000 år sidan.