Firfisle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Firfisle |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Firfisle |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Lacerta vivipara Von Jacquin, 1787 |
Firfisla (Lacerta vivipara eller Zootoca vivipara) er ei lita, tilpasningsdyktig øgle som reknast som verdas nordlegaste krypdyr. Ho er utbreidd i heile det tempererte Europa utanom Middelhavsområdet, i tillegg til store delar av nordlege Asia. Ho førekjem i heile Noreg, bortsett frå delar av Nordland og Vestlandet.
[endre] Kjenneteikn og åtferd
Firfisla er eit lite krypdyr med korte bein. Den flattrykte kroppen er vanlegvis under 10 cm lang, halen er vanlegvis lengre. Vanlegvis er ho brun med eit par mørke og kvite stripar på oversida, nyfødde ungar er mørkare.
Firfirsla lever hovudsakeleg av insekt, tusenbein og edderkoppar, som ho jaktar etter på bakken. I kaldt vêr kan ein ofte observera dei sola seg på fuktige stadar med mykje vegetasjon. Arten er svært rask.