Fahd av Saudi-Arabia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kong Fahd bin Abdul Aziz Al-Saud (ca. 1923–1. august 2005), arabisk فهد بن عبد العزيز آل سعود, var fram til han døydde konge og statsminister av Saudi-Arabia og overhovud for Huset Saud. Han var fødd og døydde i Riyadh.
Fahd blei konge i 1982 då halvbroren, Khalid av Saudi-Arabia, døydde. Han hadde allereie i lang tid hatt faktisk kontroll over landet ettersom kong Khalid var lite interessert i politikk.
Kong Fahd fekk eit alvorlig slag i 1995 og var ute av stand til å utføra dei offisielle pliktene sine. Halvbroren hans, kronprins Abdullah bin Abdulaziz al-Saud, fungerte som regent i denne tida.)