Det republikanske partiet i USA
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det republikanske partiet er eitt av dei to dominerande politiske partia i dagens USA (det andre er det demokratiske partiet). Medlemer i partiet vert ofte kalla republikanarar.
[endre] Historie
Partiet, leia av Abraham Lincoln, stod mellom anna bak avskaffinga av slaveriet i USA, og blei etter den amerikanske borgarkrigen det leiande partiet i landet fram til 1930-åra. Det stod oppphavleg sterkast i nordstatane.
Etter kvart konsentrerte partiet seg meir om industri- og finansinteressar, slik at det på 1900-talet har utvikla seg i marknadsliberal retning. Når det gjeld moralske spørsmål er det derimot gjerne meir konservativt enn demokratane.
Medan den tidligare sterke støtten i nordstatane har minka, har støtten i sørstatane auka. I tillegg har fleire statar i Midtvesten vore viktige republikanske bastionar.
[endre] Presidentar frå det republikanske partiet
- Abraham Lincoln, 1861-1865
- Ulysses Grant, 1869-1877
- Rutherford Hayes, 1877-1881
- James Garfield, 1881
- Chester Arthur, 1881-1885
- Benjamin Harrison, 1889-1893
- William McKinley, 1897-1901
- Theodore Roosevelt, 1901-1909
- William H. Taft, 1909-1913
- Warren G. Harding, 1921-1923
- Calvin Coolidge, 1923-1929
- Herbert Hoover, 1929-1933
- Dwight Eisenhower, 1953-1961
- Richard Nixon, 1969-1974
- Gerald Ford, 1974-1977
- Ronald Reagan, 1981-1989
- George H. W. Bush, 1989-1993
- George W. Bush, 2001-
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |