Theodore Roosevelt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President for Sambandsstatane (USA) | 14. september 1901–4. mars 1909 |
Føregjengar | William McKinley |
Etterfylgjar | William Howard Taft |
Fødd | 27. oktober 1858 i New York City i staten New York |
Død | 6. januar 1919 i Oyster Bay i staten New York |
Gift med | Edith Roosevelt |
Barn | |
Gravlagd | Young's Memorial Cemetery |
Parti | Det republikanske partiet i USA |
Theodore Roosevelt (fødd 27. oktober 1858, død 6. januar 1919) var USA sin 26. president. Roosevelt vart visepresident i 1901, og vart president etter at William McKinley vart teken livet av i september 1901. Nevøen Franklin D. Roosevelt vart seinare USA sin 32. president (1933-1945).
Theodore Roosevelt var den fyrste presidenten i USA som reiste utanfor landegrensene medan han fungerte som president. Han reiste til Panama for å kunna sjå bygginga av Panamakanalen. For fredsmekling i høve den russisk-japanske krigen i 1905 vart han tildelt Nobels fredspris i 1906.
Roosevelt dreiv med både boksing og bryting. Etter å ha sett ein demonstrasjon av judo byrja han å studera judo, og vart den fyrste amerikanaren som fekk brunt belte (1. Kyu).
"Teddy" Roosevelt er òg opphavet til namnet på kosebjørnen Teddybjørn.
[endre] Lenkjer ut
- Almanac of Theodore Roosevelt
- Audio clips of Roosevelt's speeches
- Theodore Roosevelt Organization
- Index of T. Roosevelt Etexts
- Theodore Roosevelt Inaugural Address
- State of the Union addresses for 1901, 1902, 1903, 1904, 1905, 1906, 1907, and 1908
- Nobel Peace Prize 1906: Theodore Roosevelt
- Theodore Roosevelt Papers at the Library of Congress
- Theodore Roosevelt: His Life & Times on Film (LOC)
- Sagamore Hill National Historic Site
- NobelPrize.org's entry on Theodore Roosevelt
- Congressional Medal of Honor's entry on Theodore Roosevelt; including citation and pictures
- White House biography
- Vice Presidents Dot Com
- Family and Descendants of Theodore Roosevelt
- Ron Schuler's Parlour Tricks: Teddy
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |