Blåmeis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåmeis |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Parus cæruleus Linné, 1758 |
Blåmeisa (Parus cæruleus) er ein fugl i meisefamilien. Ho er om lag 12 cm lang, og veg 11 gram.
Blåmeisa er ljoseblå på issen, vingane og stjerten. Brystet og buken er gul. Letene til hoa er mykje bleikare enn til hannen. Ungfuglane har gulvorne kinn og ein grågrøn isse. Blåmeisa er ein hardfør og sers nyfiken fugl. Nyfikna og kreativiteten gjer at blåmeisa kan finna nye ting å eta når ho er nøydd til det. Somme har sagt at blåmeisa enkelte stader har hakka laus vindaugskitt og ete dette for å overleva.
Blåmeisa er ein sosial fugl som gjerne held seg saman med andre fuglar om vinteren. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med kjøtmeisa i sokalla meisetog.
Fuglen hekkar frå mai til juli. Blåmeisa får 7–14 egg, og rugetida er 13–15 dagar. Ungane forlèt reiret etter omlag 16 dagar. Ho nyttar ofte gamle hole tre som hekkeplass, men ho hekkar òg gjerne i fuglekasser. Blåmeisa er den fuglen som med størst intensitet tek opp kampen med flugesnapparen for å tryggja seg fuglekassene om våren. Ho kan òg driva vekk større og sterkare kjøtmeiser.