Kjøtmeis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjøtmeis |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto av Marek Szczepanek. |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Parus major Linné, 1758 |
Kjøt(t)meis (Parus major) eller talgokse, òg kalla speketet(e) (dial. «spikjitét» (Ndm., Oppd., Gbr.), «spikjitétä» (Helgeland)), talgtit («tertit», Østf., Vestf.), talgtete (Rana), talgmeis(e) (Telem.) og kjøteirik (Telem., Agder), er ein fugl i meisefamilien. Med ei lengd på ca 15 cm og vekt frå 14 til 20 gram er han den største fuglen i familien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Fuglen har svart hovud, kvite kinn og ei svart stripe langs undersida, men merker seg ut ved det sterkt gulfarga brystet. Ryggen er grønleg medan stjerten og vingene er blåaktige. Unge fuglar har ofte litt mattere fargar enn dei eldre.
Ved å strekka hals og nebb oppover, slik at ein ser det gule brystet med stripa, og røra hovudet slik at dei kvite flekkane likner store auge, kan kjøtmeisen truga andre fuglar.
[endre] Levemåte
Insekt, larvar, frø og frukter er typisk kost for meisen, som set stor pris på vintermating med feitt og liknande. Han er sjølv byttedyr for tårnfalk , hønsehauk ,spurvehauk, spurveugle mm.
Kjøtmeisen held seg gjerne saman med andre fuglar. Om vinteren leitar han ofte etter mat saman med blåmeis eller andre skogsfuglar i såkalla meisetog.
[endre] Hekking
Fuglen hekkar frå april til juli, og har ofte to kull same året. Ofte brukte hekkeplassar er gamle hule tre ,men er og ein ivrig kassarugar. Reiret lagar han ved å fylle opp kassen med ca 8–10 cm mose, på toppen lagar han ei grop som han forar med det han finn i området. Oftast er det ull, hår og fjør. Kjøttmeisen legg 6–12 egg, og rugetida er 12–14 dagar. Ungane dreg frå reiret etter 15–20 dagar. Kjøttmeisepara er svært trufaste.
[endre] Utbreiing
I Noreg finst kjøtmeisen over heile landet, bortsett frå nord i Finnmark. Han held gjerne til i lauv- og blandingsskog.