Benjamin Franklin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benjamin Franklin (17. januar 1706 - 17. april 1790) var ein amerikansk journalist, forfattar, filantrop, vitskapsmann, oppfinnar, diplomat og mykje meir. Han var ein av leiarane av den amerikanske revolusjonen, men vert óg hugsa for eksperimenta han gjorde med elektrisitet.
[endre] Sitat av Benjamin Franklin
- Vi må alle henge i saman, ellers blir vi hengt kvar for oss
- Hugs, tid er pengar
[endre] Livssoge
Benjamin Franklin vart fødd i Boston. Han var yngst i ein syskjenflokk på sytten. Som tiåring slutta han på skulen og då han var tolv byrja han som lærling hos broren som arbeidde som trykkeriarbeidar på eit trykkeri i ei lokalavis. Etter ei usemje med broren slutta han og reiste, først til New York, seinare til Philadelphia.
[endre] Kjelder
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |