Andrea Henkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Henkel (fødd 10. desember 1977 i Ilmenau i Thüringen i Tyskland, (DDR)) er ein tysk skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister og ein gong verdsmeister i skiskyting.
Henkel vaks opp i Großbreitenbach i Thüringen, og sto på langrennsski første gong som fireåring. Ho lærte å stå på ski i vintersportsområdet Oberhof, og byrja på sportsgymnas der i 1991. Ho vart fleire gonger junior-verdsmeister og -europameiser. I 1996 tok ho abitur (artium) og gjekk inn i den tyske hæren si sportsavdeling.
I OL i Salt Lake City i 2002 vann ho to gull, på 15 km og med stafettlaget. Ho hadde frå før sølv i VM frå 2000 og 2001 i stafett. I 2005 vart ho verdsmeister på 15 km i Hochfilzen - hennar fjerde verdscupsiger.
Andrea Henkel er søster til Manuela Henkel, som er olympisk meister på stafett i langrenn frå 2002.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 5. plass (1999/2000 og 2000/01)
- Verdsmeisterskap:
- 1 gull (15 km, 2005), 3 sølv
- Olympiske leikar:
- 2 gull (15 km og stafett, 2002), 1 sølv
- Verdscuprenn:
- 4 gull, 6 sølv, 6 bronse