Selma Lagerlöf
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf (20. november 1858–16. mars 1940), best kjend som Selma Lagerlöf, var ein svensk forfattar. Ho var ein av dei tidlege deltakarane i den svenske nyromantikken, og fekk Nobelprisen i litteratur i 1909.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
Selma Lagerlöf vart fødd på herregarden Mårbacka i Sunne kommune i Värmland, og flytte seinare tilbake hit. Dei fleste historiane hennar føregår i Värmland.
Ho var utdanna lærar og underviste på ein jenteskule i Landskrona i ti år, frå 1885 til 1895. I denne tida skreiv ho òg åpningskapitla til Gösta Berlings Saga. Ho sende desse kapitla inn til ein skrivekonkurranse, og fekk då tilbod om å gjeva ut heile boka. Då ho kom ut i Sverige vart ho ikkje lagd særlig merke til, men ein god kritikk av Georg Brandes då ho vart omsett til dansk gjorde både boka og forfattaren til viktige delar av den svenske nyromantiske rørsla.
Ho engasjerte seg politisk, mellom anna i kampen for røysterett for kvinner. Då nazistane kom til makta i Tyskland, hjelpte ho mange tyske intellektuelle og kunstnarar å flykta. Under Vinterkrigen gav ho vekk nobelprisen sin, ein medalje av gull, for å støtta Finland økonomisk.
[endre] Verk
Lagerlöf sine bøker handla gjerne om bondeliv i Nord-Sverige, men forteljingane hennar var heller romantiske enn realistiske. Ho vevde mellom anna inn gamle forteljingar og historie i det ho skreiv.
[endre] Utmerkingar
Lagerlöf fekk Nobelprisen i litteratur i 1909, og vart medlem av Svenska Akademien, som delar ut prisen, i 1914.
Portrettet hennar har vore på den svenske tjuekronesetelen sidan 1991.
[endre] Verkliste
- Gösta Berlings saga (1891)
- Osynliga länkar (1894)
- Antikrists mirakler (1897)
- En herrgårdssägen (1899)
- Jerusalem (del 1–2, 1901-02)
- Herr Arnes penningar (1904)
- Kristuslegender (1904)
- Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige (del 1–2, 1906-07)
- Liljecronas hem (1911)
- Körkarlen (1912)
- Kejsarn av Portugallien (1914)
- Troll och människor (del 1–2, 1915-21)
- Bannlyst (1918)
- Mårbacka (1922)
- Löwensköldska ringen (1925)
- Charlotte Löwensköld (1925)
- Anna Svärd (1928)
- Ett barns memoarer (1930)
- Dagbok för Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf (1932)
- Höst (1933)
- Från skilda tider (del 1–2, 1943–45, posthumt)