Jøssingfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jøssingfjorden er ein fjord i Sokndal kommune i Rogaland fylke. Fjorden er kjend for den såkalla Altmark-saka under andre verdskrigen. Eit av dei alvorlegaste åtaka på norsk nøytralitet i byrjinga på andre verdskrig var Altmark-saka den 16. februar 1940. Det britiske krigsskipet HMS Cossack borda det tyske skipet tankskipet Altmark i Jøssingfjord. Britiske fangar vart sette fri, trass norske protestar. Hendinga vart nytta som argument frå tysk side om at Noreg ikkje var i stand til å vera nøytral i krigen. Etter at Noreg seinare på våren 1940 vart okkupert av Tyskland, kom nemninga jøssing til å tyda ein som var motstandar av okkupasjonen og Nasjonal Samling si styring av landet.