Vår
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå Vår (fleirtyding) for annan bruk av ordet «vår»
Vår er årstida som markerer enden på vinteren og komen til sommaren. I tempererte område er det vanleg å seia at våren byrjer når knoppane på trea brest og, i kaldare område, når snøen smeltar. I meteorologien rekner ein våren som den tida temperaturen er mellom 0 og 10 grader og stigande. Ein kan òg han som ei viss tid: månadane mars, april og mai på den nordlege halvkula og september, oktober og november på den sørlege. I astronomisk tidsrekning byrjer våren ved vårjamdøgn og ender ved sommarsolkverv.
Kva tid våren kjem på, kjem likevel mest an på lengdegrada ein er på. I snøfrie områd på den nordlege halvkula kan våren koma i februar, medan han ikkje kjem før i juni i polare område.
Innhaldsliste |
[endre] Uvêr
Våren er ei tid der vêret endrar seg. Varm luft frå ekvatornære område møter kald luft frå polane, og dermed får ein ekstremt vêr, alt frå uventa og haglbyger til snøstormar og orkanar. Snøsmelting fører òg til meir vassføring i elver, som i år med mykje nedbør kan leia til flaum.
[endre] Vokster
Våren er likevel helst ei årstid ein tenker på i samband med von og vokster. Om våren kan ein byrja å planta og sjå at det gror. Våronna tek til i jordbruket. Det er ei tid som kan feirast med grøderitual, som me til dømes ser restar av i moderne påskefeiring.
[endre] Kultur
Våren blir feira med ei rekke høgtider. I mange kulturar har det nye året byrja om våren. I Noreg er påsken og 17. mai viktige vårhøgtider. Andre høgtider som høyrer våren til er bulgarsk martenitsa og japansk hanami.
Årstida har òg inspirert kunstnarar, både målarar, som Botticelli og Arcimboldo, komponistar som Grieg og Vivaldi, og eit utal diktarar.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Sjå òg
- Vårjamdøgn
- Diktet og musikkstykket «Våren»
Vår | Sommar | Haust | Vinter | Regntid | Tørketid |
Årstidene |
Kategoriar: Årstider | Meteorologi | Vår